Det er bypakken som no gjer at det er håp om snarleg oppstart.

Kommunen gjorde i 2020 ei spørjeundersøking om folks haldningar til Bypakke Ålesund. Av rapporten frå november 2020 ser vi at 26 % ikkje kjenner til innhaldet i Bypakke Ålesund eller at dei er usikre på kva bypakken er.

Ålesund har mange uløyste behov, som ventar på avklaringar som bypakken vil gi:

Ny kollektivtrase med terminal i sentrum og på Moa, betre tilrettelegging ved campus og NMK, nytt kollektivpunkt ved sjukehuset, kryssing av Brosundet som opnar for sørsideutbygginga og kulturkvartalet. I tillegg til store grep med ny påkøyringsrampe E 39 frå Myrland og FV 60 med nytt kryss i det ulukkesutsette Pjuskholakrysset.

Bypakken handlar ikkje om bompengar eller ikkje bompengar, men om heilskapleg, langsiktig planlegging og gjennomføring kontra fragmenterte og mellombelse løysingar.

Ser vi på rapport Haldning til Bypakke – nullpunktsanalyse frå november 2020, finn vi, ikkje overraskande, at 52 % er negative til bompengar.

Men vi ser også at berre 19 % er nøgd eller svært nøgd med kollektivtilbodet, medan heile 37 % er misnøgd. Dei tilsvarande tala for syklistar er 10 % svært nøgd/nøgd og 65 % er misnøgd.

Det er desse utfordringane vi vil kunne gjere noko med når bypakken er vedteken.

Når det gjeld aksept for å bruke bompengar til å finansiere tiltak innanfor kollektiv, sykkel og gange viser rapporten at 54 % er einig i dette.

Vi må vende merksemda mot det vi ønskjer: rein luft, mindre støy, mindre kø og lågare bilbruk.

Det kan vi få med å bygge eit betre kollektivsystem og sykkelvegnett.

Sjølvsagt kan vi få betre kapasiteten ved å bygge meir veg, men dette gir auka bilbruk og er ikkje i tråd med nullvekstmålet. Det fører ikkje til mindre kø, men fleire køar. Og bysentrum blir ikkje større av fleire vegar.

Bompengedebatten er verdt å delta i, men det kan ikkje vere vår tids store debatt. Det finst så endeleg mykje større utfordringar vi må løyse for at dei komande generasjonar skal oppleve fridom til å leve og utvikle seg. Omstilling til eit grønare og reinare samfunn er ikkje enkel. Det krev innsats og vilje frå både politikarar, folket og næringslivet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!