Der seier dei at om vi skal nå 1,5 gradersmålet i Parisavtalen, må vi mellom anna slutte å leite etter meir olje, gass og kol umiddelbart. Dette har fleire sagt før, men når IEA seier det, blir det eit tidsskille.

Sidan IEA vart etablert for å sikre tilførsel av olje etter oljekrisa i 1974 har dei vore oppfatta som ei konservativ kraft når det gjeld energipolitikk. Dei siste åra har dei rett nok også arbeidd med alternative energikjelder. Når dei no vender tommelen kraftig ned for både olje og kol frå dags dato, er det fordi dei ser at mange land har sett seg klimamål som dei skal nå i 2030 og 2050, utan at landa tek dei beslutningane som skal til for å nå måla.

Dette har mange andre også sett, men at IEA skulle konkludere såpass klart og tydeleg, kom overraskande på dei fleste. Kravet om raskare omstilling av oljesektoren kan ikkje lenger avfeiast som klimahysteri frå venstresida. Parisavtalen forpliktar oss. Vi har berre denne kloden, og vi har ansvar for komande slekter.

Vi er så få her i landet, og det er lett for oss å peike på store nasjonar med enorme utslepp av klimagassar og tenkje at våre utslepp betyr lite. Men klimagassane kjenner ingen landegrenser, og målt per innbyggjar ligg Noreg framleis over Kina, som totalt sett slepper ut mest. Målt per innbyggar er imidlertid USA i ei særklasse med over dobbelt så store utslepp som Kina, Noreg og EU. (Kjelde: Klimastiftelsen.no). Men amerikanarane synest også at det er Kina som bør ta støyten.

Rapporten frå IEA slår fast at vi har store utfordringar framfor oss. Det er bra at dei kjem med så klare og presise råd om korleis vi skal nå målet. Heldigvis er den store omveltinga komen godt i gang mange stader. Mange tek berekraft på alvor på ein heilt annan måte enn berre for kort tid sidan. Aldri før har så mykje innovasjon, utprøving og utvikling gått føre seg på energisektoren. Det grøne skiftet er i gang.

Kostnaden ved alternativ energiproduksjon har gått ned og etterspørselen har gått opp. Om vi held fram med dyr oljeleiting og dyr oljeproduksjon kan vi oppleve at det ikkje løner seg og at andre land, med rette, synest at Noreg opptrer både uansvarleg og uakseptabelt.

LO og NHO lanserte no den nye industri- og energiplattforma si. Plattforma har store ambisjonar for å legge til rette for nye grøne næringar. Samstundes meiner både LO og NHO at det er rom for å leite etter og opne nye oljefelt. Dei konkluderer altså stikk motsett av IEA!

Dette viser at for å kome i mål, treng vi politisk vilje og styring. SV er heilt på linje med IEA når det gjeld opning av nye oljefelt. Vi kjempar for ei storstilt utvikling av meir miljøvenlege og framtidsretta næringar med sikre arbeidsplassar. SV sin plan for ei rettferdig omstilling av Noreg er ein del av ei global rørsle på venstresida som jobbar for eit rettferdig grønt skifte – A Green New Deal. Denne politikken treng mange dyktige talspersonar på Stortinget. Ein av dei bør bli miljøforkjemparen Birgit Oline Kjerstad frå fylket vårt.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!