Til og med EU synest det har gått for langt, og vil sette grenser for den digitale stormakta. Google kan i alle fall ikkje få lov til å styre skulen her til lands!

Elevar med nynorsk som hovudmål blir dagleg utsette for digitale språkangrep. Mange er i praksis fråtekne retten til å få opplæringa på si eiga målform fordi programvare og appar ikkje er på nynorsk. Særleg gjeld dette i kommunar og fylkeskommunar som har valt Google som leverandør av digital infrastruktur. Google gir kort og godt blaffen i nynorskelevane. Det er viktigare å få opp salstala.

Dette er uakseptabelt at Google styrer i skulen, stikk i strid med intensjonen om likeverdig opplæring. No har 100 ordførarar og fylkesordførarar gått saman om eit opprop til Google. Google er ein av to store leverandørar av digital infrastruktur til grunnskular og vidaregåande skular. I oppropet krev ordførarane at Google endrar praksis, og tilbyr nynorskversjonar av program og appar, og at dei leverer gode nynorske rettskrivingsprogram. Dette er eit rettmessig krav på vegne av elevar og innbyggarar.

Politikarane – lokalt og sentralt har sjølve eit stort ansvar i denne samanhengen. Den nye språklova gir offentlege organ ei særleg plikt til å ta vare på nynorsk som mindretalsspråk. Dette må opplagt få konsekvensar for innkjøpspolitikken i offentleg sektor. Her har kommunane stor makt, og denne må brukast overfor Google og andre. I tillegg må den nye opplæringslova ytterlegare styrkje nynorskelevane sine rettar til digitale lære- og hjelpemiddel på eige språk.

Google har ein sterk marknadsposisjon, og tener godt på å levere til offentleg sektor. Det er på høg tid at også denne leverandøren tar ansvar overfor tusenvis nynorskelevar som dagleg bruker Google sine produkt i opplæringa. Viss ikkje, må det nasjonale tilsvaret vere strengare lovgjeving!

Politikarar i alle parti må stå fram og kjempe for digital rettferd for nynorskelevane. Ikkje minst må politikarar frå Møre og Romsdal vise vilje til motmakt overfor dei digitale aktørane.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!