Opptakten skjedde den 18. mars 1908 då den første regjeringa til Gunnar Knudsen blei utnemnd. Johan Castberg, arbeidardemokraten, blir justisminister. I 1909 får han og regjeringa fleirtal i Stortinget og kan etablera Heimfallretten. Med denne politikken gjer den radikale justisministeren naturressursane til felleseige for alle i landet. Slik blei rennande vatn/fossar, skogar og naturressursane i berg og fjell eigd av samfunnet, ikkje av private. Heimfallsretten blei følgd opp av Allemannsretten og Strandlova, og desse tre rettane sikrar oss alle tilgang til våre eigne, felles naturressursar.

54 år seinare i Kongeleg resolusjon av 30. mai 1963 legg regjeringa Gerhardsen naturressursane på og under havbotnen inn under Heimfallsretten, og fellesressursane råolje og naturgass på norsk sokkel blir med det eigd av det norske folk. Basert på statleg kapital investerer regjeringane til Gerhardsen i nye, statlege selskap som set i gang omfattande næringsaktivitet etter krigen. Det går ei rett line frå det statleg kontrollerte Norsk Hydro via Olivin i Vanylven og til etableringa av Statoil i juni 1972, statlege selskap som etter kvart slo seg saman med eller kjøpte opp andre norske selskap som Årdal og Sunndal verk og Moxy, alle døme på statleg finansierte selskap som utvinn og utnyttar naturressursane på vegner av oss alle.

Investeringane i dei statlege selskapa har vore dei mest lønnsame i norsk industri i moderne tid. Utbyte frå dei fylte opp statskassen og sikra oss fleire velferdsordningar, pensjon til dei eldste, arbeidsløyse- og sjuketrygd for yrkesaktive, gratis utdanning for unge, barnehageplass og betalt foreldrepermisjon for foreldra til dei yngste. Slike selskap er svært lønnsame, overskotet blei sikra med statleg drift som har forvalta fellesressursane på vegner av oss alle.

Slike reguleringar drifta av statlege selskap som oppnår ekstra store inntekter har høgresida kjempa med nebb og klør imot, frå ordninga kom på plass i 1909. Den andre Knudsen-regjeringa vidareutvikla Heimfallsretten etter 1913, og høgresida å klaga Heimfallsretten inn for Høgsterett i 1917. Men fleirtalet i ein samla høgsterett slo fast at Heimfallsretten er i tråd med Grunnlova, det blei ein ny §105. Sidan retten til heimfall hadde sosiale og samfunnsmessige konsekvensar, knytte ein Heimfallsretten til §97 som tillèt at ei lov kan ha tilbakeverkande kraft. Vi feirar at høgresida ikkje fekk gjennomslag, det sikrar finansministeren frå Høgre meir enn 400 milliardar kroner i 2021 til å møta pandemien med.

At ei rekkje statlege selskap forvaltar våre naturressursar på vegner av oss, likar ikkje Høgre og sørgjer i regjering for å selja ut og privatisera fellesressursane. Statsselskapet Olivin, etablert i 1948 på Åheim, ei tid deleigd av Fellesforbundet, var med å redda Moxy og sikra det som då var svært utsette arbeidsplassar. Høgre i Bondevik II-regjeringa selde selskapet til eit stort privat nordamerikansk gruveselskap som reduserte talet på tilsette og selde selskap Olivin eigde eller hadde kontrollert.

Denne høgrepolitikken har som mål å tappe felleskassa, og svekke grunnlaget for etablerte fellesordningar. Høgresida vil heller gjere svært rike private aktørar, ofte utlendingar, endå rikare enn å sørgja for midlar til gode, viktige og naudsynte fellesløysingar. Takka vera Høgre stiller me opp i ein stor og omfattande dugnad for å fylla lommane til svært rike privatpersonar. For Høgre er det viktigare enn at staten kan ta ut utbytet og få midlar til ein omfattande velferdsstat.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!