Vi er i tid 7 år etter 1814 med grunnlov og lausriving frå Danmark. Vi fekk vårt eige flagg – eit flagg som har stått seg gjennom 200 år med mot- og medgang. Flagget er i dag eit av våre aller fremste nasjonale symbol. Grunnlova var ny og skjør i 1821, demokratiet var langt frå fullverdig. Flagget vart det symbolet landet vårt hadde bruk for i den nye unionstida 1814-1905, gjennom krigsår og fridomsår fram til at vi i år kan høgtide eit 200-års jubileum for eit flagg vi alle har vorte glade i.

Mykje kunne ha vore sagt om korleis flagget vårt vart til, historie og merkeår i den 200 år lange historia. Vi tek med at Fredrik Meltzer forma ut det framlegget som stortinget 16. mai 1821 vedtok som vårt flagg. Stortinget hadde 18 ulike utkast å velje mellom. Fargevala var sikkert ikkje tilfeldige. Mange hevdar at dei tre fargane står for fridom fordi frie land som Frankrike og USA hadde desse fargane i sine flagg.

Flagget er forma som ein kross i blått og kvit på raud botn. Krossen er kristendomen sitt største symbol. Meltzer henta nok blåfargen i krossen frå Sverige og raudfargen frå Danmark. Nokre hevdar elles at fargane har slik bakgrunn: Blå himmel, kvit snø og raudt blod (frå slaget på Stiklestad i 1030).

Gjennom den 200 år lange soga til flagget har lover og reglar knytta til bruken av dette kjære symbolet vårt. Eiga lov om Norges flagg vart vedteken i 1898. Utforming og bruk finn vi i dei to paragrafane. Vidare har vi forskrifter som viser korleis og når flagget skal nyttast på offentlege bygningar. Vi har ei rekkje offisielle flaggdagarfrå 1. jnaur til 25. desember. På desse dagane skal det flaggast på statlege verksemder.

Siste tida har diskusjone gått på om kommunale flaggstenger kan nyttast til andre typar flagg enn det som er fastslått i lov frå 29. juni 1933 der §1 lyder:

«På eller frå kommunenes offentlige bygninger, eiendommer og kommunale institusjoner må kun brukes flagg som nevnt i lov 10. desember 1898 nr. 1 om Norges Flag § 1 (uten splitt og tunge), det samiske flagget eller kommune- eller fylkesflagg. Som offentlige bygninger og kommunale institusjoner regnes bygninger med tilhørende grunn som kommunen råder over som eier, leier eller lignende og som hovedsakelig brukes i forbindelse med kommunens offentlige oppgaver eller av kommunale institusjoner.

Forbudet i første punktum gjelder ikke i forbindelse med arrangement, markering eller merkedag av allmenn interesse. Det samme gjelder frittstående kommunale flaggstenger på torg, bruer, plasser eller lignende som ikke framstår som en integrert del av et kommunalt bygningskompleks eller et bygningskompleks som for den vesentligste del benyttes av kommunale institusjoner.

Dog kan Kongen utferdige bestemmelser om adgang til i særlige tilfelle å benytte et fremmed lands flagg ved siden av det norske.

Overtredelse av denne lov straffes med bøter eller fengsel i inntil 3 måneder.»

I desse dagar vedtek stortinget endringar i lova frå 1933. Framlegget inneber at kommunane skal få større handlingsrom til å velje med andre flagg enn det vi så langt har hatt høve til i lova frå 1933. Dette inneber at kommunale flaggstenger kan nyttast til bruk av andre flagg i samband med arrangement, markeringa av merkedagar av allmenn interesse. Med andre ord ein utvida bruk av kommunale flaggstenger! Ved fleire høve har bruke av pride-flagget vore nytta som eksempel på kva nytt som kan kome.

18. mai stemde eit fleirtal på stortinget for endringar i flagglova – dessverre. I høyringsrunden kom det inn svært mange protestar på denne endringa. Berre FRP stemde imot – og takk for det!

Min enkle konklusjon er: Vi trong ikkje ei liberalisering av reglane om kva kommunale flaggstenger skal nyttast til. Konsekvensane av eit slikt lausslepp ser vi knappast i dag. Dei tenkte og visste betre i 1821, 1898 og 1933!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!