Ei halv sanning er ei løgn, har ein klok person sagt.

Eg er eining med han. Historia om utkasting av palestinarane frå heimane deira i Sheikh Jarrah har vore repetert fleire gonger på NRK og andre medier som bakgrunn for vald og opptøyar mot israelske myndigheite. Men vi har ikkje fått vite kva saka handlar om. Rettstvisten tek for seg eit lite område i Jerusalem som to jødiske fond kjøpte av arabiske landeiere i 1876.

Under Jordans ulovlege okkupasjon av ØstJerusalem i 1948, beslagla Jordan desse eigedomane og bygde bustader der for sine innbyggjarar. Eigedomane vart etter frigjeringa i 1967 ført tilbake til sine opphavlege jødiske eigarar. Dei arabiske bebuarane underteikna i 1982 ein avtale der dei aksepterte den jødiske eiendomsretten til bygga og fekk lov til å bu der mot å betale for dette. I dag vil ikkje dei arabiske leigetakarane betale husleige til dei nye eigarane.

Det er desse som no prøver via lovleg demokratisk domstol å få kasta ut dei som ikkje vil gjera rett for seg. Dette har Hamas og andre bråkermakere fått tak i, og mobben er på plass med ein gong. Eline Neste tek og tak i dette med at Israel er ei okkupasjonsmakt. Kan du vere så snill og lese litt anna litteratur enn det som du får servert av NRK og dei fleste andre medier i Noreg?

Israel fekk sitt landområde tildelt på same tid og måte som Noreg fekk råderetten over Svalbard. Tenk om Russland skulle gjera krav på Svalbard på same måte som du hevdar at Israel er ei okkupasjonsmakt? Hadde du stått på for at Russland hadde legitimitet til dette? Eg vil ikkje døme deg som nokon antisemitt, men prøv å halde deg til heile sanninga og ikkje berre halvparten.