Ja, einskilde hevdar til og med at Romsdalsaksen vil medføre ekstra kostnader for fylket til dette! Så derfor, her er forklaringa:

Med Romsdalsaksen blir det eit meir fleksibelt trafikksystem basert på ei dobling av kapasiteten over Fannefjorden, og meir enn det med tanke på at driftsstans i tunnelar er mykje meir omfattande enn på bruer. Og særleg dei som kjem frå/skal austover frå Lønset mot Hjelset og Kristiansund vil få ein tryggare og kortare veg, m.a. ved at dei slepp å køyre omvegen om den bratte Fannefjordtunnelen.

Men alle vil få ein betre og raskare veg over Skålahalvøya. Og E39 med brua må dimensjonerast etter behov. Truleg blir brua 2-felts med 2/3-felts veg over Skålahalvøya, slik som Lønset–Hjelset. Om nødvendig 4-felts. Dette er Statens vegvesen sitt ansvar å planleggje dersom Romsdalsaksen vert bygd, ikkje Møre og Romsdal fylkeskommune!

Fylket vil ikkje ta over dette ansvaret frå Statens vegvesen! Kvifor i alle dagar skulle dei gjere det? Så fylket vil sleppe å ta denne kostnaden, uansett korleis vegsystemet blir sjåande ut! La dykk ikkje lure av dette! Så Møreaksenfolk: Slutt å fare med juks!

Kostnadsmessig må dette argumentet setjast opp imot argumentet med at Møreaksen skaffar fastlandssamband til eit øysamfunn. Når vi i tillegg ser at verdien av eit bu- og arbeidsmarknadsfellesskap mellom (kun) Molde og Ålesund minkar, så blir det ikkje mange argument for å byggje Møreaksen igjen. For argumenta for Romsdalsaksen er mange og tunge, og omfattar område som tryggleik, trafikkavvikling, økonomi, trivsel og miljø.

Einskilde meiner at ei framtidig bru over Langfjorden vil «stele» trafikkgrunnlag frå Romsdalsaksen. Dette er den negative måten å sjå dette på. Den positive er at kombinasjonen Romsdalsaksen/Langfjordbrua utfyller kvarandre, og skaffar to fergefrie vegar i retning Åndalsnes og E6, med betre kommunikasjonar også for dei som bur langs desse vegane. Dette argumentet gjeld også for Romsdalsaksen!

Tida arbeider for Romsdalsaksen!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!