Administrasjonen i kommunen gjer ein god jobb, og det økonomiske grunnlaget til den kommunale drifta er relativt høg og god i Stranda, sett opp mot samanliknbare kommunar i regionen.

Dei siste 8 åra har kommune fått rekordstore overføringar frå regjeringa, gjennom rekordstore rammeoverføringar og at kommunane har fått behalde dei ekstra skatteinntektene som næringslivet har skapt.

Tidlegare under den raud/grøne regjeringa fekk kommunane ikkje behalde ekstra skatteinntekter, medan dagen regjering altså premierar dei samfunna som skapar verdiar, og der kommunane altså får behalde sin andel av skatten for dette.

Det er også slik at Stranda kommune med høg gjeld har fått stor nytte av også rekordlåg renter på lån som har vare i mange år. Kommunen har om lag ikkje hatt renteutgifter å snakke om, med eit rentenivå som har vare ekstremt låg. Såleis har kommune kome seg ut av ROBEK for fleire år sidan med bakgrunn i store ekstrainntekter frå staten samt låge renteutgifter.

Eigedomsskatt

Stranda kommune har teke inn meir enn 130 mill. kr i eigedomsskatt, for å dekkje inn eit akkumulert meirforbruk på 50 mill. kr.

Med andre ord så har kommunen teke inn snart det dobbelte som var nødvendig for å kome seg ut av ROBEK.

Kommunen har om lag brukt 50 mill. Kr til betale ned på gjeld, medan resten har blitt brukt til å «gire» opp den kommunale drifta.

Auke av kommunal drift

I åra 2018 og 2019 spesielt vart budsjetta frå SP og fleirtalet auka kraftig, og kvart år i området meir enn 15 mill. kr.

Med andre ord auka dei budsjettrammene med om lag heile eigedomsskatten som er årleg på 15,5 mill. kr.

Kassa er tom!

For budsjett 2020 var grunnlaget at «kassa er snart tom», no viser dette i praksis ved avlegging av rekneskapen med 8 mill. kr i minus og om lag tomme fond.

I budsjettrapportane frå rådmannen er heile eigedomsskatt brukt opp, det same gjeld heile acuafondet på ca. 18 mill. Kr.

Bryter lovnaden

AIle parti som gjekk til val, lova at eigedomsskatten skulle fjernast eller sterkt trappast ned, straks ein var ute av ROBEK. I budsjettet for 2020 er heile eigedomsskatten vidareført, sågar auka frå 4 til 5 promillar for kompensere for regjeringa sitt vedtak om at all eigedomsskatt i landet skal reduserast. I Stranda gjer ein altså stikk motsett, ein aukar eigedomsskatten.

Stor bruk av fond

Budsjettet som er framlagt er balansert av svært stor bruk av fondsmidlar og som vil vere oppbrukt i 2021, fasiten er om lag slik.

Budsjettet er gjort opp ved å bruke store overføringar frå driftsfonda, noko som er svært negativt med tanke på at heile eigedomsskatten også er forbrukt på 15,5 mill. kr. I tillegg er det lagt til grunn 7 mill. kr i utbytte frå Stranda energi as, Stranda eigedomsselskap as og Stranda hamnevesen KF. 28,5 mill. kroner frå fond/eigedomsskatt/ utbytte

Heile 28,5 mill. kroner er altså brukt av fond og eigedomsskatt, og utbytte noko som gjer kommunen svært sårbar i framtida.

Likviditetslån

Både ved årsskiftet og no framover må kommunen ta opp likviditetslån for å kunne betale løn til sine tilsette.

Korleis har pengane blitt av?

Tidenes overføringar frå staten.

Tidenes lågaste rentenivå.

Tidenes høgaste acuafond.

15,5 mill. Kr i eigedomsskatt.

Store investeringar slik som rehabilitering av Ringstad skule og Solbakken omsorgssenter står i kø, men med TOM KASSE veit dei fleste svaret.

FrP har varsla dette i kvart budsjett dei siste åra, men for døve øyrer frå resten av kommunestyret.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!