«7. Ålesund kommune lyser ut kommunens pensjonsleveranse på anbud. Vurderingen av innkomne tilbud skal gjøres både på pris og kvalitet på tjenester. Det settes av kr 200.000 som en øvre ramme for hva som skal betales en konsulent for å gå igjennom og fremlegge en innstilling til kommunestyret for endelig vedtak. Inndekning av kostnader gjøres fra formannskapets reservepost»(kopiert fra protokoll)

Høgre fekk sist veke med seg fleirtalet i kommunestyret i Ålesund på å vedta anbod på tenestepensjonen til dei tilsette i kommunen.

Fagforbundet i Ålesund kommune vil på det sterkaste be politikarane om å vere meir langsiktige og ta vare på sitt eigarskap i KLP og dei tilsette sin tenestepensjon på ein betre måte.

Ålesund kommune er ein av dei største eigar og kundane av kommunesektorens eige pensjonsselskap, KLP. KLP er eigd av kommunane i fellesskap og vert styrt av arbeidsgjevarane og arbeidstakarane i fellesskap. Dette gjev stor tryggleik for dei tilsette når det gjeld tilgang på god og kompetent rådgjeving, og gjev kommunen god økonomi gjennom å eige sjølv, utan eksterne eigarar.

Høgre sitt forslag har ein svært kortsiktig grunngjeving. Det å gå på anbod i år vil frigjere oppsparte pengar i KLP og kan redde økonomien til kommune. Men dette er jo pengar som er sett av som oppsparte buffer og eigenkapital i KLP, og som ikkje kan setjast inn for å dekke underskotet i kommuneøkonomien. Det å bruke opp desse oppsparte midla, vil kunne gje dårlegare avkastning i framtida. Dette bør først greiast ut om av administrasjonen i kommunen.

I tillegg er dette noko som partane i kommunesektoren, gjennom Pensjonskontoret har åtvara mot, blant anna i brev til Finansdepartementet 17.3.21. Der står det blant anna:

«For Pensjonskontoret er det avgjørende å ha et regelverk som oppfordrer til konkurranse på de riktige elementer i tilbudene for kommunal tjenestepensjon og som ikke legger til rette for flyttearbitrasje på bekostning av kunder som ikke velger å flytte. Vi ber derfor om at det i inneværende år gjøres endringer i regelverket som sikrer dette.»

Det at Ålesund på tvers av sin eigen interesseorganisasjon sitt råd vel å gå på anbod, er svært overraskande og skuffande. Det er ikkje høve til å leggje vekt på likviditetseffektar i anbodet, slik Høgre har argumentert for. Dette ifølgje rådgjevinga frå Pensjonskontoret.

Dei tilsette i kommunen har sin pensjon i tariffavtalen. Tariffavtalen sikrar pensjonsretten, men seier også at pensjonsordninga skal verta finansiert i eit kjønns- og aldersnøytralt premiesystem. Vi meiner at dette vert best teke vare på i et stort og stabilt fellesskap i KLP. I Storebrand er det pr. i dag berre ein annan kommune som Ålesund skal dele risiko med, Askøy utanfor Bergen.

Vi ber politikarane om først å be om administrasjonen greie ut om det har noko hensikt å gå på anbod, og også legge vekt på dei råda KS gjev. Dei tilsett må også bli involvert på ein betre og tydelegare måte. No vedtek kommunestyret eit anbod, utan at drøfting er gjennomført med dei tilsette sine organisasjonar. Dette skal etter tariffavtale skje så tidleg som mogleg.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!