Landets pensjonistar bør vere svært fornøgd med resultatet av forbundet sitt arbeid både før trygdeoppgjeret der mellom anna det irriterande trekket på 0,75 % blei fjerna, og i samband. med sjølve trygdeoppgjeret. Ved ikkje å underteikne den framlagde protokoll, vart saka lagt fram for Stortinget.

Med det som bakgrunn, og det gode arbeidet som har gått føre seg samstundes med dei utfordringane som covid-19 har gjeve, er det med stor takksemd at Pensjonistforbundet Møre og Romsdal gjev forbundet sine medarbeidarar ein stor anerkjenning.

Dei gode resultata og politikarane si vilje til å samhandle, gjev pensjonistane håp om ei betre framtid.

Med tanke på dei mange gode sakene som Pensjonistforbundet ser på som uløyste, er vi avhengig av eit godt tilhøve til politikarane. Det som har skjedd gjennom etterjulsvinteren og våren, gjev grunn til optimisme med tanke på å få løyst både dei sakene som ligg uløyste, og dei sakene som etter kvart dukkar opp.

Med dei resultata som blir oppnådd, bør Pensjonistforbundet som pensjonistane sin eigen interesseorganisasjon, vere eit godt alternativ for landet sine pensjonistar å slutta opp om. For å nå mål er det viktig å vere mange. Det er når vi er mange vi blir høyrt.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!