Det blir hevda der at MA ikkje har noko anna alternativ enn «ferje (og bompengar) til evig tid». Det er ille om styret i NHO Møre ikkje har teke til seg at MA har 2 alternativ med ulik støtte i fylket.

Vi må derfor orientere styret at det har vore arbeidt for alle alternativ i fleire år, og at dei har ulik tilslutning Det må då NHO ha sett? Siste seriøse meiningsmåling, utført av Norstat etter oppdrag for MuM, viser slik tilslutning: MA: 23 % hos innbyggarane og 24 % hos næringslivet. Ferjedrift: 27 % og 24 %. Romsdalsaksen: 42 % og 45 %.

Dette viser at Møreaksen då er alternativet med minst tilslutning både hos folket og hos næringslivet. Det er rett og slett arrogant av NHO å heve at det ikkje finst alternativ til MA. No blir ikkje trasevalet avgjort etter meiningsmålingar. La oss heller sjå på argument. Det er vanskeleg å forstå at den framtidige «stamvegen» mellom Sørlandet, gjennom Vestlandet og til Trøndelag med gjennomgangstrafikk/tungtrafikk skal gjere ein omveg om Otrøya og deretter gjennom Molde by!

Det er heller ikkje lett å forstå at same omvegen skal betre tilhøva for eit felles bu- og arbeidsmarknad i fylket. Har NHO-styret argument for at MA er ei betre løysing enn andre?, – kom fram med det!

At det alternativet som har minst tilslutning, MA, no blir vedteken i NTP vil nok ikkje sette sluttstrek for striden om traseval – tvert imot: Både Romsdalsaksen og fortsett fergedrift vil ha sine tilhengarar som vil arbeide vidare. At NTP er vedteke betyr ikkje at dei nødvendige løyvingane er på plass. Det er det komande Stortinget som skal vedta.

At alternativet som er komen inn i NTP har så lite tilslutning vil nok sei framleis strid og tautrekking. Konsekvensen blir nok at kryssinga av Romsdalfjorden neppe kjem med i den første seksårsperioden. Det er å håpe at dei neste rundane i diskusjonen omfattar både økonomi, funksjonalitet, miljøomsyn og folkemeining.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!

Flertallet i transportkomiteen stiller seg bak planene om E39 med fjordkryssing langs Møreaksen, med mulig oppstart i 2023 eller 2024. Foto: Møreaksen/Statens vegvesen