Det er vel ikkje heilt slik, men det er ikkje å vente at alle i våre dagar skal vite bakgrunnen for namnevalget. Øfsti er eit familienamn, og familien gjorde seg gjeldande i Ålesund sist på 1800- , fyrst på 1900- talet. Ein kjøpmann Andreas Øfsti var varaformann i Ålesund Arbeiderforening i perioda 1885-1889, ein disponent Gunnar Øfsti var formann i perioda 1904-1912. Så langt eg veit er det ingen att i byen som har dette namnet, men det finst i regionen. Det stammar eigentleg frå Stjørdal. Der finn ein namnet som stadnamn, gardsnamn og knytt til ei lakselv.

Nok om det.

Ein med etternamnet Øfsti kjøpte ei tomt og bygde seg hus i denne svingen på Borgundvegen inne i Volsdalen, i dag Borgundvegen 89. Så viktige var mannen og huset at heile svingen fekk namn etter han, Øfsti-svingen.

Diverre, det gjekk ikkje så bra med denne familien Øfsti. Det velta ei påtent parafinlampe, og huset brann ned. To små born skal ha gått med brannen.

Det var vanskeleg å byggje nytt hus på same tomta etter ei slik hending. Ein Frøysa kjøpte seinare tomta og bygde huset som står der i dag.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!