Når ein Stortingsrepresentant og 1.-kandidat for Senterpartiet har så dårleg kunnskap om samferdsel, burde vedkommande faktisk fått litt hjelp og skulering om temaet. Sjølvsagt finnast det alternativ til Møreaksen!

Statens vegvesen region vest planlegg firefelts flytebru over Bjørnafjorden i Vestland, over fem kilometer i noko av kystens vanskelegaste farvatn. Flytebruteknologien er godt utprøvd, og er i ei rivande utvikling som sjølvsagt ikkje har snev av problem for realisering over Romsdalsfjorden.

Både i dagens Møreaksetrase og i Romsdalsaksetraseen, men også i trasé lenger inn i fjorden inkludert kryssing av Langfjorden er meir enn realistisk.

At Sp og Jenny Klinge klarer å ramle så lågt at ein snakkar direkte tøv om flytebruteknologien og Romsdalsaksen er rett og slett kompetanselaust og eit grelt eksempel på politikarar som ikkje setter seg inn i saker ein uttalar seg om.

At Sp og Klinge ikkje bryr seg om at over 70 % av innbyggjarane IKKJE vil ha Møreaksen, og der over 40 % framleis vil ha ferjer, er rett og slett forakt overfor innbyggjarane her i fylket.

FrP og underteikna HAR sett oss inn i samferdsel, og ynskjer å nytte ny, miljøretta, trygg og framtidsretta teknologi slik som flytebruer. Sykkel og gåande kan bruke ei flytebru, like eins turistar og alle kan «trille over fjorden», i staden for farlege djupe tunnelar snart 400 m under fjorden, miljøversting nr. 1, og umogeleg for gåande og syklande samt fortidas teknologi.

Ynskjer innbyggjarane «fortidas politikarar» inn på Stortinget? FrP ynskjer å bygge samferdselsprosjekt i heile fylket med ny, miljømessig, trygg og sikker framtidsretta teknologi, derfor seier vi NEI til Møreaksen, og ja til Romsdalsaksen eller framleis nullutsleppsferjer.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!