Slik er det også i andre typar investeringar. Ein måler suksess, eller effekt, frå prisen ein må betale opp mot kor mykje du har fått igjen i bytte.

Mange interessentar

Ta f.eks. dagens mest omtalte vegprosjekt, Møreaksen. Her kan ein med enkle grep ta ei vurdering av kva som vil gi suksess og kva som ikkje vil gagne brukarane. I dette prosjektet er det særs mange interessentar, og ein burde vere sikre på at alle alternativ til løysing for fjordkryssinga er nøye greidd ut, før ein brukar pengar på delprosjekt som f.eks. reguleringar i dei ulike kommunane. Det er trass alt vi brukarane/interessentane som betaler for prosjekteringa, både av sjølve aksen og som også i siste ledd skal betale passeringar ved bommane som skal teppelegge fylket vårt.

Høg belastning

Mange påpeiker det faktum at vegane i fylket med høgast belastning burde ha vore prioritert framfor ei fjordkryssing Molde-Vestnes med ca. 2.500 passeringar i døgnet. Med tanke på folketalet i dei to byane som dette vegprosjektet hevdast å utgjere ei forbetring av felles arbeidsmarknad for, kan ein lure på kvifor det pr. i dag er så låg trafikk over fjorden. Her på søre Sunnmøre har vi f.eks. i Vanylven med i overkant av 3.000 innbyggjarar over halvparten passeringar i døgnet berre på det eine av to samband. Då snakkar vi bu- og arbeidsmarknad i liten skala men med stor betydning i forhold til folketal. Her burde det for lenge sida ha vore føretatt ei behovsprøving og spørjeundersøking, eller i alle fall ha ringt ei bjølle når ein ser kvar skoen trykker i fylket med tanke på kø og dårlege vegar som skapar problem for både næringsliv og arbeidstakar.

Upresise påstandar

Ei nyleg utført uavhengig spørjeundersøking om Møreaksen i fylket viser at berre 23 % er for, 42 % vil ha Romsdalsaksen og 27 % vil ha ferje. Der er altså stor motstand mot prosjektet i fylket og spørsmålet er korleis politikarane og embetsverk har møtt motstanden. Nokon hevdar at motstanden ikkje er reell, at spørjeundersøkinga ikkje viser eit korrekt bilde. Andre viser til at «dette allereie er vedtatt» og at ein har brei semje. Desse påstandane er veldig upresise og burde ha vore omtala på ein kritisk måte, dvs. stilt spørsmål til frå fleire hold.

Berre ein plan

Nasjonal transportplan er som det beskrivast i namnet berre ein plan, og ikkje vedtatt i budsjett. I denne planen ligg mange såkalla gryteklare prosjekt som har vorte jobba fram av ulike interessentar. Av og til er det slik at ein må «slå gjennom» for å få bygt veg, og det er ikkje alle meiningar ein kan ta omsyn til ved vedtaket. Men i prosessen fram til vedtak burde ein høyre på alle partar og ha evne til å sjå at frå prosjektets start til slutt, så kan der i eit lengre tidsperspektiv vere nødvendig å vurdere planen på nytt. Tida har rett og slett gått frå den opphavlege ide, og med eit så stort prosjekt ville det vere dumt å låse seg. Historia fortel om fleire store prosjekt der ein har vorte så engasjert i sjølve ideen at det har gått prestisje i heile prosjektet, og at ein då ikkje klarer å skilje mellom opplevd suksess og faktisk suksess.

I dette prosjektet er det ein del som har vorte forskottert både frå politikarar og embetsverk utover det som er vedtatt, mens vegprosjekt som faktisk er vedtatt og løyvd pengar til i Møre og Romsdal, ca. 4,4 mrd., er ikkje starta opp og kan sjå ut til å stå på staden kvil. Det vil i klartekst seie at sjølv om politikarane har løyvd midlar og sagt at vegar skal utbetrast, så har innbyggjarane ikkje fått noko for det dei har betalt for. Det vil seie det motsette av effekt/suksess.

Kan godta eit nei

Høgre har i fleire uttale sagt at «seier de nei til Møreaksen, får de ingenting». Ei merkeleg slutning på innbyggjarane sine vegne, men kven har sagt noko om å få? Så vidt meg kjent så betalar dei fleste som bur i Møre og Romsdal både skatt, bil- og vegavgifter, så gjennom dette har vi kjøpt oss ein aksje i spørsmålet om fjordkryssinga og vi fortener ei stemme i generalforsamlinga. Mitt svar til Møreaksen- ogbomforkjemparane i H, AP, V, KrF og Sp verte då: når ein set kva ein skal betale ekstra opp mot kva ein sit igjen med, kan ein godta å bytte eit nei til Møreaksen mot å få «ingenting».

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!