Vidare blir det argumentert for, med klima som argument, at løysinga er fornybar energi – type vindkraft. Det store paradokset er at dei som ivrar for miljøvennleg energi, er villig til å ofre miljøet for dyr, fuglar, fisk og menneske for å lukkast.

Utbygging av vindkraft på Haramsøya er vårt fremste eksempel å vise til. Mange fleire prosjekt følger på i desse dagar, og motstanden aukar. Kvifor lyttar ikkje dei folkevalde på stortinget til folket?

Det er riktig at vi forbrukar meir energi, og at dette vil auke framover. Derimot er det feil at løysinga på dette er vindturbinar. Noreg som nasjon har naturgitte føresetnader for å produsere energi, då vi har store mengder innestengt kraft i vatn og vassdrag.

Vi har bygd ut mange kraftverk over tid, og vi har hatt våre motførestillingar til desse også. Miljøskadane knytt til kraftverk er små og marginale samanlikna med vindturbinar.

Er det slik at dei kraftverka vi har i dag, ikkje klarer å levere nok straum til landet vårt? Svaret er klart nei, og svaret er vidare at statens skattlegging av kraftverka ikkje gjer det lønnsamt å utvikle full kapasitet. Statens næringsskattlegging av kraftverka, den såkalla «grunnrenteskatten», har i dag blitt til eit miljøproblem.

Samstundes gir staten store subsidiar til utanlandske selskap for å bygge ut vindturbinar i Norsk natur og lokalmiljø. Det blir gitt støtte til det som øydelegg, og det som kan skape bli halde tilbake. Forstå det den som kan.

Dersom norske kraftverk kunne utnytte sin fulle kapasitet, hadde det framtidige energiproblemet blitt løyst. Vidare kan vi forbetre måten vi brukar energi på. Desse to samla har svært stort energipotensial. Vi burde ta opp forsking på hydrogen også, slik at vi kan utvikle framtidige energikjelder som kan erstatte batteriet.

Vi har mange andre og gode energialternativ enn vindturbinar. Partiet De Kristne er tydelege i sin politikk. Vi seier klart NEI til vindturbinar, både på land og til hav!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!