Stemmeretten skal sørgje for det, men også med ytringar i form av t.d. lesarinnlegg, høyringsinnspel, innlegg på folkemøte og anna, følgjer det eit ønske om reell medverknad. Det handlar om respekt for dei som har valt dei folkevalde.

«Pseudopolitikk», er eit omgrep som kan brukast i ein påstand om korleis prosessar går føre seg. Dette ser vi i lokal so vel som i nasjonal politikk. «Hastverk er lastverk», og skilnaden mellom administrativt og politisk tempo er openberr, men i dette tilfellet må ein kunne påstå at begge har prøvd å springe raskare enn beina kan bere.

Det har vist seg særskilt i skulestruktursaka i Giske at det er bortimot umogleg å prøve å følgje med og forstå kva som skjer. Ein klør høl i hovudet på seg sjølv dersom ein verkeleg prøver å sjå og forstå samanhengar, logikk, grunngjevingar og ikkje minst prosesshandtering. «Samfunnet har store, komplekse utfordringar som politikarane svarer på ved å ta raskare avgjersler. Gjerne bak lukka dører, utan å dra inn altfor mange miljø. På nasjonalt nivå skjer det oftare at regjeringa bestiller utgreiingar frå utval, der ein på førehand veit kva som blir konklusjonen. Deretter gjennomførast reforma på rekordtid.»

Dette skriv Bjørgulv Braaten i ein kommentar i Klassekampen. Parallellane til lokalpolitikk er rimeleg tydelege.

«Vi må ta på alvor at nokon prøver å skape eit inntrykk av at politikarane ikkje er involvert i sakene som går i kommunen», sa Giske sin ordførar Harry Valderhaug, i sitt tilsvar til kritikk ytra i lokalavisa Øyblikk. Inntrykket eksisterer allereie det, og dersom realiteten er annleis, so er det lov å prøve å forklare oss uvitande lekmenn korleis ting fungerer, sidan det vert forsøkt avvist som ein påstand utan hald?

Om ein adresserer «respekt» igjen, so har eg og mange med meg latt meg gnage av eit par setningar vi kunne lese i Sunnmørsposten 1. mai. Der uttalar avtroppande kommunedirektør følgjande: «besteforeldregenerasjonen gjekk på barrikadane», og «barnas beste vog tyngst». Dette er svar på spørsmål om korleis ho oppfatta motstanden i høve skulestrukturendring i Giske. Det legitimerer heilt konkrete spørsmål rundt den administrative leiinga i Giske kommune. Kommunedirektøren kan ikkje ha brydd seg om barrikadane i det heile, for dette er total skivebom. Vidare blir det fullstendig hårreisande å påstå at «barnas beste vog tyngst», når alle veit at draumen om Robek-­exit har unnfanga, født og amma innstillinga, vedtaket og prosessane i skulestruktursaka. Det står fram som eit dårleg skjult forsøk på å stille seg sjølv i eit betre lys, og det er ei fornærming av dei involverte, altså innbyggjarane i kommunen. Samstundes verkar det ikkje akkurat trusstyrkande i høve Robek dersom ein ikkje kan leggje det fram som eit vektig argument i det heile. Då har ein vel sjølv sagt at skulestrukturendring eigentleg ikkje vil bidra til å kome seg av den ugunstige lista? Så, kva får vi då for bryet?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!