Prestegardshuset freda frå 1924 – eigar Opplysningsvesenets fond. Bygd ca. 1790.

Stabbur – verna frå 1991 – eigar Opplysningsvesenets fond.

Paktarhuset – verna frå 1991 – eigar Ørskog Historielag – bygd 1901. Det førre brann i 1900.

Smie/vognhus – eigar Ørskog historielag – bygd 1901.

Garasje – eigar Opplysningsvesenets fond. – nyare årgang

Paktarhuset og smia står på vedlikehaldslista til Historielaget for 2021. Paktarhuset skal målast og smia skal renoverast, med m.a. nytt skifertak. Historielaget har ikkje flust med midlar og må tigge og be om støtte hos ei rekkje ulike instansar. Vi vonar å kome i mål dette året. Laget ser det som eigar svært viktig å ta vare på nettopp desse husa innan ei heilt unik husklynge på Ørskoggarden – nært opp til Lekelunden som er bygda sin 1000-årsstad.

Så var det dei tre andre bygningane som er nemnde ovanfor. Alle står ubrukte. Tida er vel kanskje forbi då prestefolket vil bu her, med dei mange restriksjonar som kviler på hovudhuset spesielt. Eg vil i denne runden peike på at bygningane treng ei verkeleg utvendig renovering. Alle kan med sjølvsyn sjå at dette er nødvendig. Hovudhuset og stabburet er som sagt freda og Opplysningsfondet må vere rett skamfulle over korleis dei steller med sine eigedomar. Fondet har godt med pengar som kan nyttast dersom dagens strikse reglar kan gjerast unntak frå. Garasja er skral og det beste er kanskje at denne vert fjerna. Difor er mi klare oppmoding til alle gode krefter i bygda vår: Få Opplysningsvesenet på bana med å utføre full ytre renovering av hovudhus og stabbur. Arbeidet bør aller helst verte gjort no i 2021!

Det kan elles ver freistande å knytta nokre ord til framtida for desse to bygningane. For nokre år sidan ville ein privatperson kjøpe desse husa. Han fekk nei frå eigar. Eg var mellom dei som den gongen meinte og var med å tilrå at husa burde vere i offentleg eige. Å vere etterpåklok er ofte enkelt, slik også i denne saka. Siste kjende vedtak frå eigar om framtida er at husa ikkje skal seljast, men nyttast til prestebustad. Det er no fleire år sidan den siste prestefamilien budde her. Eg trur at med bustadfridom for prestane, vil framtida vise at den tida er historie. Ingen kan i dag tvinge ein prestefamilie til å bu i eit bestemt hus! I motsett fall må Riksantikvaren snu heilt om i spørsmåla om ei omfattande renovering til ein bustad etter dagens krav. Då kanskje?

Sluttord til Opplysningsvesenets fond (OVF):

Full ytre renovering må utførast i 2021. Framtidig bruk av eigedomen til prestebustad må vurderast på nytt. Sal må også stå som eit alternativ. Kanskje kan husa hyse framtidige kulturaktivitetar. Framtida for eigedomen er viktig av fleire grunnar. Prosessen må starte no.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!