Vi veit òg at dei kan ikkje nyttast til kva program som helst. Songar som skal framførast i ei kyrkje skal godkjennast føreåt. Dette er ikkje reglar som ein kan tøye eller diskutere. Det er fakta.

I ei gudsteneste nyttar presten ei liturgisk drakt som vitnar om at han/ho er i ein spesiell situasjon: Personen/presten stig attende og viser at han er Guds tenar. Det er ikkje show og sirkus og hoppsasa der ein slengjer på nokre gudsord. Det skal vere høgd og høgtid. Klokkar, kyrkjetenar og kyrkjelyd stiller ikkje til gudsteneste i dei kleda ein går i til kvardags.

I den lutherske kyrkje har vi to sakrament: Dåp og nattverd. Dåpen er det fyrste og det grunnleggjande sakramentet som kyrkja alltid har møtt menneska med. Under dåp syng vi ofte:

Fylt av undring er vi i din nærhet! Du som bærer verdensrommets dybder, venter på de små og tar imot oss.

Og ved tidens grense lever fortsatt dine løftes-ord ved døpefonten, dåpens lys forblir når livet slukner.

Det er djupne i desse linene.

Eit sakrament har ei sjølvstendig kraft som er knytta til lovnader frå Jesus. Difor meiner eg at presten bør gi seg god tid når det er dåp, ikkje ramse opp dåpsorda, men roleg, høgtideleg og alvorsamt vise at han utfører ei ekstra heilag handling som presten trur på: Gud vare din utgang og din inngang frå no og til evig tid. Eg signar deg med det heilage krossmerket, til vitnemål om at du skal høyra den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus til og tru på han. Presten. auser roleg vatn over den vesle, som kanskje søv: Etter vår Herre Jesu Kristi ord og føresegn døyper eg deg til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.

Det er ikkje ein namnefest, det er ei heilag handling, og alt som skjer skal vere merkt av det. Og presten slår fast: Den allmektige Gud har no gjeve deg sin Heilage Ande, gjort deg til sitt barn og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd. Han styrkje deg med sin nåde til det evige liv. Fred vere med deg. Trengst det noko meir?

At dåpsbarnet græt, er noko ein må rekne med, men uroa elles, alt ståket og styret – og i den seinare tid – enkelte prestar si oppmoding: Gi NN ein kraftig applaus! er heilt forkasteleg og uforståeleg, etter mi meining. Med kvikk lesing, show og klapping vert ikkje dåpshandlinga i kyrkja noko anna enn at barnet får eit namn, eit pliktnummer som må gjennomførast så kvikt som råd. Då er det er lite som minner om eit sakrament i mine auge og øyre.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!