Norges Fotballforbund (NFF) gjer over vårt vidstrakte land ein flott jobb med å gje barn og unge gode idrettstilbod med breiddeidrett som fokus. I IOGT har vi også fokus på barn og unge. Vi prøver å rette merksemda på dette at det er viktig for barn og unge å ha trygge og rusfrie møtestadar.

5. januar i år kunne vi lese følgjande på nrk.no:

«Silje Opseth vil fjerne alkohol frå idretten. No jobbar ho for at idrettsarrangementa skal bli ei rusfri sone, samtidig som ho lærer andre om ulempene med alkohol. Ezinne Okparaebo stiller seg bak hopparen.»

6. januar i år delte Ungdomsutvalet i Viken idrettskrins sine tankar om at idretten skal vere ein trygg arena for alle:

«Viken ungdomsutvalg støtter Silje Opseth sine holdninger rundt å minske eller å ta bort alkohol- og andre rusmidler på idrettsarenaen. Idrett er ikke en arena for å drikke, og spesielt ikke rundt eller når man har ansvar for de under 18 år.»

Kor flott når vi har idrettsungdomar som skriv uttalar om saker som dei er opptekne av.

26. april i år les vi på nrk.no ei sak om at:

«Eneste klubb i eliteserien som ikke får skjenke alkohol på stadion».

Vidare i saka står det at «FK Haugesund får ikke servere alkohol til VIP-gjestene på hjemmekampene. Kommunen mener det er viktig å skjerme barn og unge.»

Og det er her invitasjonen til dykk i Norges Fotballforbund kjem inn:

Det er lov å snu, viss vedtaka ein gjer ikkje er til beste for barn og unge. Kvifor skal det serverast alkohol på idrettsanlegg? Er det til barna sitt beste? Kva signal gjev det at idrettslag/fotballag tilkjennegjev at viss vi skal gå på eliteseriekamp for å heie på laget vårt, så treng vi å ha tilgang til alkohol?

I saka med nrk.no vert det frå Haugesund Fotballklubb si side også vektlagt at det å selgje alkohol på kampane sine vil gje dei inntekter. Kven vert det i så fall som betalar baksideprisen av dette salet? Vert det barn og unge?

I denne samanhengen vil vi trekkje fram Utleira IL i Trondheim som har vedteke reglar om idrett og alkohol som gjeld for dei:

«Tribunekulturen skal være trygg, familievennlig og alkoholfri. På tribunene skal det derfor ikke nytes alkohol i tilknytning til konkurranseaktiviteter.»

Ergo: Eit vedtak gjeld berre til neste vedtak vert gjort. Viss eliteserieklubbane synest det er urettferdig at berre nokre få klubbar no ikkje får selgje alkohol på seriekampar, så kan dei naturlegvis snu om på vedtaka sine og seie at her må det vere likestilling slik at ingen fotballklubbar sel alkohol på kampdagane.

Turvettreglane har vore ei god rettesnor for turfolket i mange år. Korleis er det med spelevettreglane for fotballfolket skal tru?

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!