Høgre fekk med seg stortingsfleirtalet på å innføre ein lov der alle norske statsborgarar over 16 år med nokre tastetrykk kan bestemme sitt eige juridiske kjønn. Høgre stod i spissen for å endre flagglova slik at regnbogeflagget kan heisast på alle offentlege flaggstenger. Statsminister, Erna Solberg, går i paradar og vaier med regnbogeflagg og ønsker Happy Pride.

Dei verdikonservative i Høgre høyrer vi ikkje lenger noko frå. Ein kan undrast på kor dei har gjort av seg.

Nestleiar i Venstre, Abid Raja kan forsikre oss om at Pride ikkje dreier seg om politikk, berre at alle skal få elske den dei vil. FRI sitt program går ut på å fjerne tradisjonelle normer for samliv og seksualitet. Alle samlivsformer skal aksepterast.

Den norske kyrkje blir leia av Open folkekyrkje som har blitt ein viktig aktør for å fremme Pride-ideologien. Oslo-biskopen, Kari Veiteberg, stod jo i spissen for Pride-arrangementet i Oslo Domkyrkje i 2019. Ho hadde merkverdig nok ingen kritiske merknader til FRI sitt program.

I vår tid blir fag som historie og religion nedprioritert. Dei er nemleg med på å binde tankar til fortida. Barn skal jo i dag lærast opp til kritsk tenkning, må vite, men på rett måte. Indoktrinering må starte frå tidlege år av for å gi dei ønska resultat.

Pride-ideologien får i dag spre seg uten å bli analysert. Den postmoderne kjønnsideologien lærer at alt er normalt og godt. Det einaste som er tvilsomt er personar som advarer folk og roper varsku.

PDK er i dag blant dei tvilsomme.

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!