Jenny Klinge er nok ein gong ute i avisene for å fortelje folket at “Alt var betre før”. No vil ho vil reversere endringa i domstolsstrukturen. Ho påstår at tenestene er flytta lenger vekk frå folket, samtidig som ho veit at rettsstadane er der rettsstadane var. Ho seier ho skal ha tilbake tingrettane i Volda, Kristiansund og Molde, sjølv om dei same tenestene har vore der heile tida. I staden heiter det no Møre og Romsdal tingrett, men tenestene og hjelpa finn du på same staden som før.

Naudsynt endring

Endringa av strukturen var naudsynt, seier domstolsleiar Kirsti Høegh Bjørneset. Ho fortel at dei etter eit år med domstolsdrift under pandemien har lært seg nye digitale arbeidsmåtar, og at dei har fått verktøy tilpassa behova. Ho seier ikkje at digitale møter erstattar fysiske treff, men at vi i mange yrke og arbeidsplassar framover vil arbeide annleis enn før pandemien. Ho har teke sitt ansvar som domstolsleiar, og står på for at vi skal ha fire likestilte rettsstadar i Møre og Romsdal. Alle rettsstadane skal ha lokale og utstyr tilpassa krav til tryggleik og moderne drift. Alle tilsette skal oppleve gode arbeidsvilkår og eit godt arbeidsmiljø. I domstolen skal oppgåvene utførast til det beste for alle som har behov for saker handsama av Møre og Romsdal tingrett.

Betre ressursutnytting

Er det ikkje viktigare at dei domstolstilsette arbeider saman for betre ressursutnytting, samtidig som dei får større rom for fagleg utvikling, og moderat spesialisering innan somme fagområde, enn at Jenny Klinge får behalde tittelen «Tingretten i Volda»?

Grunnen til endringane var at vi hadde for lang sakshandsamtid og ikkje fekk utnytta ressursane godt nok. Det var vanskeleg å rekruttere dommarar til dei små tingrettane, og sakene vart ofte skeivt fordelt mellom by og land, og ikkje minst – saker fekk ulike avgjerder frå domstol til domstol. Slik ulikskap kan vi ikkje risikere. Likskap for lova må vere førande.

Rettstryggleik

Vi må no jobbe saman for å sikre god rettstryggleik i heile landet for framtida. Vi må sikre god kompetanse og sterke fagmiljø, moglegheit for spesialisering, auka digitalisering, kortare sakshandsamingstid og god bruk av ressursane i domstolane både i bygd og by.

Eg oppmodar Jenny Klinge om å lytte til domstolsleiar Kirsti Høegh Bjørneset. Det er viktig at vi som politikarar lyttar til dei som sit med kunnskapen og jobbar i tenestene, dersom vi politikarar saman skal finne betre løysingar for framtida. Vi kjem oss ikkje framover i revers.

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!