Ved Volda sjukehus vart det funne prov for at eg hadde ein svulst på storleik av eit egg i bukspyttkjertelen. Bileta som vart tekne i Volda vart sende til St. Olavs-sjukehuset i Trondheim, og lækjarane der tvilte ikkje på at dette var kreft, og dei sa: «Du har trekt verste kortet i høve til kreftsjukdom».

Dette var som ein dødsdom å få, då det i dette høve var få hjelperåder som lækjarane hadde å ty til. Men det vart teke avgjerd om at eg skulle opererast på St. Olav. Operasjonen fann stad 15, juni og etter tre døgn der vart eg floge med fly til sjukehuset i Volda der eg låg i 10 døgn. Eg er fri for kreft i dag; noko eg ser som for underleg å forstå, men eg retter mi takk fyrst til all forbøn for meg frå kristne venar, og så til dei dyktige lækjarane ved St. Olav.

Men no var det ikkje mi historie om helbred som skulle vere hovudsak i dette skrivet, men mitt møte med dette helsevesenet som me som folk er unnt å ha del i.

Den beste omsorg og pleie vart meg til del både då eg låg i Trondheim og i Volda. Eg var i Trondheim tre døgn i månadsskiftet mai/juni til førebuing, og tok då inn på sjukehushotellet. Her var mitt opphald heilt fritt for utloger, og eg kunne gå til duk og dekka bord til alle måltid på offentlege midlar. Det eine eg måtte ut med desse dagane var ein eigendel på kr 179 etter å ha vore til lysing i ei maskin som hadde ein verde på fleire titals millionar. Kva den store bukoperasjonen eg fikk seinare ville koste meg er vel best å ikkje tenkje på. Men i min familie vert eg mint heile tida om kva me har her i Noreg jamførd med fattige land.

Kona mi kjem frå Filippinane. Der kunne ingen rå seg til ein så stor operasjon, då pasientane må betale alt sjølv. Forstår me heilt kva me har fritt og tilgjengeleg her i Norge? Låg og tenkte under flyturen frå Værnes til Hovden kor godt vareteken eg var og at slike gode må me som folk hegne om og ikkje stelle oss slik at me mister dei.

Kvifor seier eg det? Jau, helsevesenet me har i dag, har me berre so lenge me har nok innkome til landet vårt. Då må me ikkje verte villeia av fanatiske miljøpolitikarar som vil ha slutt på all oljeleiting og slik sette den største innkoma for land og folk over styr. Eg vil også sette søkjeljoset på det at me ikkje må unne oss for gode ordningar for flakkføre folk her til lands. Til dømes var AFP-ordninga tenkt for utslitne arbeidarar, der arbeidstakarar kan slutte i arbeidslivet ved 62 års alder. No går om lag alle over til pensjon ved denne alderen. Denne ordninga vert på det viset ikkje berekraftig når ein ser på kva arbeidsinnsats samfunnet vårt krev av oss i framtida. Ser ikkje sosialistane og fagrørsla, dei som har kjempa fram ordninga, at dette går gale vegen i lengda for land og folk?

Kommunistpartiet Raudt går no inn for seks timars arbeidsdag. Forstå det den som kan. Nei folk; arbeidstida må aukast og me må stå lenger i arbeid skal me møte framtidas krav om innkome til dette særsyn av eit sjukehusvesen og ei fullgod eldreomsorg. Me har i dag i Noreg den største prosent uføretrygda rekna av folketalet jamført med andre europeiske land. For mange av disse skulle det ikkje vere turvande med uføretrygd, men dei kunne gå inn i tilrettelagt arbeid, og slik kunne samfunnet få ei omframinnkome. Eg meiner at det er altfor lett å verte uføretrygda, og på det viset vert dette ei for stor utloge for samfunnet vårt. Så her trur eg det må tvinge seg fram endringar på sikt. Går dette i same lei som i dag vert det ikkje nok til eit naudsynt sjukehusvesen og ei skamlaus eldreomsorg. Nei det som trengst no er politikarar som er vakne og er villige til å ta grep. Me treng ikkje meir sosialisme, men politikarar som ikkje set hindringar for dei som vil skape si eiga utkome for seg og sine.

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!