På sjukepleiarstudiet er det ingen ledige studieplassar. I år var det nesten fire kvalifiserte søkjarar til kvar studieplass. Nesten seks prosent fleire søkjarar får tilbod i år enn i fjor og for første gong har over 8000 søkjarar fått plass på sjukepleiarutdanninga. Dei siste åtte åra har vi kvart år utdanna fleire sjukepleiarar enn året før. Seinast i revidert nasjonalbudsjett for 2020 tildelte regjeringa midlar til 250 nye studieplassar til grunnutdanning i sjukepleie.

På lærarutdanningane er det i år 115 fleire studieplassar enn i fjor. Fleire av dei som søkjer er kvalifiserte, og fleire fullfører studiet, enn tidlegare. Sidan Erna Solberg blei statsminister har talet på undervisningsårsverk som blir utførte av kvalifiserte lærarar blitt høgare kvart einaste år.

Når Sunnmørsposten skriv at færre vil bli sjukepleiarar og færre vil bli lærarar, så er det helt riktig at det var ein liten nedgang i søkjartala i år, men mykje går altså i riktig retning.

Sjølv om det er mange tal å glede seg over, så betyr ikkje det at vi seier oss fornøgde. Nedgangen i søkjartal for lærarar og sjukepleiarar må ikkje bli ein trend. Auka rekruttering og auka kvalitet i desse utdanningane er ei investering i Noregs framtid. Og eg skal gjera mitt for å synleggjere kor viktige desse yrka er.

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!