Kanskje har siste dagars hendingar fått det til å demre for Bernhard og dei ovannemnde partia?

Tre steinras, det eine til og med i ein nyleg oppgradert tunnel godkjent til EU-standard! Rasa har ført til livsfarlege situasjonar for bilistar. Ein semitrailer brann i Oslofjordtunnelen og ei campingvogn tok fyr i ein annan tunnel.

Slikt vil skje igjen. Om ulukka er ute, kvar vil Bernhard og tunnelforkjemparane helst møte eit brennande vogntog, i ein tunnel 400 m under havet på Møreaksen eller i dagslys ute på Romsdalsaksen?

Naturvernforbundet, lastebileigarar og sjåførar og eit stort fleirtal av innbyggjarane i fylket forstår kvifor dei ikkje vil ha den undersjøiske, miljøfiendtlege, svindyre Møreaksen, men Bernhard og co. forstår det ikkje sjølv om deler av Møreaksen går gjennom ustabilt fjell.

«Du skal føle deg trygg i trafikken», skriv Randi W. Frisvoll i eit lesarbrev. Det er dei fleste samde i. Det er difor dei seier nei til Møreaksen.

Dei folkevalde skal vere innbyggjarane sine talsmenn. Det er dei ikkje i denne saka.

Vi får sette vår lit til Frank Sve!

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!