Politikk er å fordele godar og byrder i samfunnet på vegner av staten. Makta er gitt eit politisk system og vi likar å seie at det er demokratisk makt, eller folkestyre.

Ikkje sleipe nok

I min kommunedel Vatne Tennfjord er nye Eidet skule pri 1. I dag har Tennfjord skulekrins åleine rundt 1.700 innbyggarar. Prognosen er 3.000 menneske i skulekrinsen innan 2030. Både Vatne og Tennfjord skule er oppbrukt. Vi er ikkje stor nok til å diktere, men vi har ikkje vore sleip nok til å lure, heller.

Nyskulen i Vatne Tennfjord må kome først. Rettare at barn og unge må kome først. Neste år er brakkebyen Tennfjord skule ei klasse for trong med rundt 200 elevar. Det er uro blant foreldre og lærarar, som gir seg uttrykk gjennom personlege møter og på sosiale media. Skulen er ei byrde for elevar og tilsette.

Høgres og Sp sitt kjæledyr

Gjennom heile koronaen har Høgre og Sp vore opptatt av kjæledyret sitt, badelandet i Brattvåg som skiftar namn som ein kameleon skiftar utsjånad. H og Sp er ikkje opptatt av at elevar på skulen i Tennfjord t.d. står som sild i tønne. Den haldninga må vi endre. Og vi må vere med å oppfylle husdraumen til barnefamiliar.

Arbeidarpartiet må ha meg orsaka. Eg skriv om slagordet deira. «No er det vanlege folk i Vatne Tennfjord sin tur». Er det ok at nokon skal ha subsidiar, særfrådrag og særfordelar og bli offentleg subsidiert i 30 år framover, men t.d. behalde sitt eige vassverk og ikkje vere med å betale fellesrekninga på vatn? Kva kan ein kalle slike verdiar?

Ikkje summetonen

Det er lett å finne andre ord som karakteriserer dette, men eg har danning nok til å la vere. Dette handlar ikkje om den vanlege brattvågar. Dette handlar først og fremst om dei få som skiftar om å suge frå røret, og dei som bli brukt i den tenesta. Eg nektar å tru at dette er summetonen i Brattvåg.

Når relasjonane i nye Ålesund no er i ferd med å setje seg, vil Ålesund bli ei kommune med uant og uvant kraft. Nokre års underskot på eit badeland vil gje nok midlar til å byggje ut Eidet skule og Kyrkjeskardet slik at folk får seg bustadar der mange ønskjer å busetje seg.

No må det vere barn og unge i Vatne Tennfjord sin tur.

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!