Det er ein rett som gir oss høve til å bruke naturen og til og med hauste av den. Jamvel om andre eig utmarka, er det lov å plukke bær, til og med for sal.

Eg synes dette gir rom for refleksjon. Ein gamal hevd som på ein måte peikar på at ingen eig naturen, vi har den berre til lån.

Det er tankar som kan bringe oss både i religiøs og politisk lei. Eg vel å stoppe litt ved den politiske vegen.

Når vi låner noko, anten det er verkty eller ei hytte, så er dei fleste av oss opptekne av å levere tilbake i same stand som vi fekk det.

Dei fleste som brukar naturen, har det på same måten. Dei er varsame for ikkje å gjere skade, dei plukkar med seg søppel, ja, mange har jamvel diktet «Du ska itte trø i graset…» i tankane der dei ferdast i utmarka.

Men kva med styresmaktene våre? Vi har sett mange døme på at både lokale og sentrale styresmakter er villige til å selje naturen for nokre «sølvpengar». Vi har jamvel høyrd politikarar seie at vi har meir enn nok natur. Då er det ikkje berre allemannsretten han er på kant med, men også nasjonale og internasjonale målsetjingar i høve til klima.

Vi treng eit sterkare vern om naturen no! Det vert for mykje prat, og lite vern mot bygging av «vindkjegler» og «tivoli» som har liten verdi i høve til tapet av natur.

SV har i mange år kjempa for å få allemannsretten inn i Grunnlova, og endeleg i denne Stortingsperioden fekk dei eit kvalifisert fleirtal med seg på eit slikt vedtak, men ei endring av Grunnlova må vedtakast i to Storting.

Derfor er det viktig at SV får eit sterkt mandat i Stortinget. No er det mogeleg for Møre og Romsdal å få inn ein representant frå SV. Vi veit alle kva Birgit Oline Kjærstad meiner om vindmøller, etter å ha sett henne i kampen mot plassering av slike på Haramsfjellet, men der er også mange andre gode grunnar til at ho bør få høve til å seie meiniga si frå talarstolen i Stortingssalen!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!