Han brukar denne nemninga stadig, og viglar opp folk med håp om at dette skal vere ei vinnarsak, slik at han kan kome inn på Stortinget.

På Stortinget treng vi ikkje «greinaløyse», eller greinalause personar.

Det er fleire gode saker Frp har stått for. Mellom anna var Sve opphavleg for Møreaksen. Frp. sin samferdselsminister Solsvik Olsen sørga for at den kom inn i samferdselsplanen. Frp sørga også for reduksjon av den mest usosiale skatteforma – eigedomsskatten. Det er fleire bra forhold i Frp politisk, men det skal eg her og no ikkje ta opp. Opphavleg var Frp eit parti på borgarleg side, men no er dei så greinalause at det er ikkje godt å vite kvar dei høyrer til, og kva dei vil. Eit av tilfella og bevisa kan vi lese i Sunnmørsposten, laurdag den 14. august, side 11. Ei heilsides annonse der dei tilrår å stemme på SV eller Frp. Min kommentar: Er Frp eit greinalaust vingleparti? Kva kan desse to partia oppnå? Dersom dei klarer å stoppe Møreaksen, så får vi heller ikkje Romsdalsaksen, men ferje til evig tid.

Dersom ein i det heile skulle vurdere Romsdalsaksen måtte det ha gått føre seg for fleire år sidan. Møreaksen er komen så langt at det er det einaste realistiske prosjektet slik det er no.

Eg minnast då Eiksundsambandet vart bygt. Då var det ei gruppe som arbeidde mot. På opningsdagen var det lov å sykle gjennom tunnelen. Den første som stod klar med sykkelen for å sykle var leiaren for mot-gruppa. Sidan eg skriv i aviser ein del, var der også ein som ringde meg og ville ha hjelp til å skrive imot sambandet. Eg måtte seie at ynskjer du å kome med motførestillingar, så må du vere tidleg ute før prosjektet er gjennomarbeidd og vedteke. Og so svara eg han: «No er første og andre dynamittsalva sprengd, så du er seint ute». Ja, trur du det, sa han. Det er ikkje mange som er mot no. Sambandet har betydd mykje for oss alle.

Kor langt er Møreaksen komen? Møreaksen vart valt som beste løysing i 2014, og i 2017 vart prosjektet prioritert i Nasjonal Transportplan. No i 2021 vert det ein ny Nasjonal Transportplan, der Møreaksen har rykt oppover på prioritetslista, og vil kunne få oppstart i 2023. Møreaksen er vedteken gjennom demokratiske prosessar, basert på eit solid fagleg grunnlag. Det eksisterer ikkje tre likeverdige alternativ for kryssing av Romsdalsfjorden.

Vi treng no ikkje å få greinaløyse inn på Stortinget!