Dei tek klimamåla på alvor og bruker store ressursar på å utvikle nye produkt og få til produksjonsprosessar som gjev gevinst både for det indre og det ytre miljøet. Også det offentlege må vere med på denne omstillinga som er nødvendig for at vi skal nå ambisiøse klimamål om få år. «Kommunane og fylkeskommunane skal bidra til å omstille Noreg til eit lågutsleppsamfunn. Gjennom å stille miljøkrav i innkjøpa sine kan dei bidra til å påverke og utvikle miljøvennlege løysingar i marknaden,» les vi på Miljødirektoratet sine heimesider.

Kommunar, fylke og stat kjøper inn varer og tenester for om lag 600 milliardar kroner årleg. Difor har det offentleg ei betydeleg marknadsmakt. Spørsmålet er om denne marknadsmakta vert nytta til å føre Noreg i rett retning. Her kunne visst mangt ha vore betre.

Sykkylven Stål er ei bedrift i Sykkylven som ønskjer å vere med på det grøne skiftet. Dei investerte tidleg i ISO kvalitets- og leiingssystem og har siste åra fått på plass produkt som er Svanemerka. I tillegg vil dei også utarbeide såkalla EPD-ar som viser miljøfotavtrykket til kvart produkt. Alt dette utifrå erkjenninga av at bedrifter som ikkje er med på det grøne skiftet ikkje har noka framtid. Utfordringa for bedrifta er at ho ikkje berre skal leve i framtida, ho skal leve her og no, og det er her og no bedrifta må ha kraft til å stå for innovasjon som skal skape grunnlag for lønsam drift i framtida.

Situasjonen dei møter i kvardagen er at mange prosjekt i offentleg sektor legg altfor stor vekt på pris, og mindre på kvalitet og miljø. I retningslinjene for innkjøp som staten har gjeve går det fram at miljøelementet kan tilleggast vekt. Det bedrifter som Sykkylven Stål ønskjer er at det ikkje berre vert gjeve tilrådingar om miljøomsyn ved offentlege kjøp, men krav. Ordbruken må endrast frå kan til skal.

Vi i SV skjøner frustrasjonen som finst i det norske næringslivet. I mange land bruker det offentlege langt kraftigare verkemiddel for å løfte fram eigne bedrifter, og for å styrke innovasjonskrafta på miljøsida. Her er det ikkje snakk om å halde kunstig liv i bedrifter som ikkje har evne til omstilling. Tvert om er det snakk om å leggje til rette for utvikling av nye og nyskapande bedrifter som ser at framtida ligg i klimavennlege produkt og tenester. Verftsnæringa seier det same som leiinga i Sykkylven Stål: miljø, kvalitet og sikkerheit må bli lagt meir vekt på i konkurransen om oppdrag.

Det er snart val. Dette er ikkje minst eit miljøval. Skal berekraft vere mest ord, eller skal dei gode orda også følgjast av handling?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!