I motsetning til FrP, har SV, både her i Møre og Romsdal og på Stortinget, vore imot (og stemt imot) Møreaksen heile tida. Det er ei naturleg følgje av at vi prioriterer gode kvardagsvegar, rassikring og trafikktrygging framfor ferjefri E 39. Vi har sagt ja til å greie ut Romsdalsaksen, men førstevalet vårt for fjordkryssing er hyppige, grøne og rimelege ferjer. (SV var med i fleirtalet som sikra, i første omgang, ei halvering av ferjeprisane).

Djupt og dyrt

Det vert for mykje å nemne alle argumenta mot Møreaksen, så eg summerer berre kort nokre av dei: Det er dyrt, både for samfunnet og for bilistane som skal betale bompengar. Det er djupt og bratt, og vil vere ein omveg for mange. Det vil auke klimagassutsleppa. Det vil truge plante- og dyreliv i Moldemarka. Med berre eitt løp vil tunnelen mellom aust og vest under byen vere trafikkfarleg. Utløpet ved Bolsønes vil bli ei trafikkmaskin!

Straumferjer

Ferjene vil gå på straum. Vassvegen ligg der, heilt klar. Yrkessjåførar får sårt tiltrengde pausar. Norsk Lastebileierforbund er samde med oss! Folk som bur på Vestnes og jobbar i Molde kan ta sykkelen på ferja. Ferjene over fjorden vil gå mykje oftare enn bussane gjennom Møreaksen, og dermed vere eit betre kollektivtilbod. Turistar (og fastbuande) får sjå fantastiske fjordlandskap, ikkje svarte tunnelar.

I skuffa

Nokre hevdar at toget er gått. Det stemmer ikkje. Det er ikkje løyvt pengar til bygging, og spaden er ikkje sett i jorda. Alt tyder på at det komande valet vil føre til regjeringsskifte, og at det vert ei raudgrøn regjering. Eit sterkt SV kan, saman med andre miljøparti, stille krav om å legge planen om ferjefri E 39 i skuffa.

I kjend stil fiskar Frp i opprørt vatn, men vi oppmodar veljarane til å spørje om politikken til Frp møter dei store utfordringane vi står overfor, klimaendringar, naturkrise og aukande forskjellar?

Korleis tenkjer FrP at dei kan påverke ei raudgrøn regjering etter valet?

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!