Rådhuset/banken vart riven og ei ledig tomt vart utvida og låg klar for utbygging. Siste tida har det vore svært så stilt rundt dette prosjektet. Det einaste vi som innbyggjarar har merka oss at graset har vakse godt ispedd med høymole. Brunt og litt svidd står det no i slutten av august urøyvd. Ikkje noko pryd for bygda. Dette er midt i Sjøholt sentrum som vi tid om anna er kalla «Perla ved Storfjorden.»

Eg reknar med – men er ikkje sikker – at Ålesund kommune er eigar av dette arealet. Slike iaugefallande areal bør slik eg ser det, vere velstelte. Det minste som då kan gjerast er at graset og høymolene vert slått minst ein gong i løpet av sommaren. Her er enno ikkje førsteslåtten unnagjort. Rette eigar/instans bør snarast finne fram eigna slåttereiskap og få gjort unna denne ansiktsløftinga i sentrum av bygda vår.

Tillegg: Magne Valbø peika i eit innlegg i avisa på at også høymola veks godt vest for Ørskog skule. Her bør også eigar – Ålesund kommune – få gjort unna slåtten. Dessutan burde gravhaugen på Lånamarka ha fått sin finpuss.

All honnør til Sjøholt Maskin som no er i ferd med å bruke deler av området sør for Stopp 69 til eit nybygg. Dessverre ligg resten av arealet der som før. Siste dagane med regnvêr får meg til å tenkje på dei «tusen sjøars land.» Vil kommunen ta initiativ til noko positivt her?