NAV i Ålesund kommune var først ute og oppretta ei stilling på sitt lokale kontor i Ålesund. Denne stillinga er det kome søkarar til. Europris på Digernes er no ute med utlysing om stilling, og vi vonar at det framover vil kome varierte stillingar i fleire kommunar i Møre og Romsdal. Desse stillingane er nybrotsarbeid, mulegens særleg i offentleg sektor. Leiar i lokallaget i Ålesund, Giske og Sula, Janne Muri, har vore ein viktig del av samarbeidet som no er oppstått med HeiltMed i Ålesund.

Retten til å velje bustad

Fylkesstyret i NFU (Norsk foreining for utviklingshemmede) har no vedteke bustad og inkludering i skole som sine temaområde for komande periode på to år. Retten til å kunne velje bustad og måtar å organisere sin bustad på, samt mogelegheit til å eige sin bustad står sentralt. Dette står i eit mostridsforhold til å organisere kommunale leigebustader som institusjonsliknande bufellesskap, slik som fleire kommunar gjer i dag. For å vareta denne gruppa med særleg sårbare i vårt samfunn, trengst det at styringsmakta vil allokere tilstrekkelege ressursar og at ein hugsar på kva som ikkje har fungert før, slik at ein ikkje trakkar opp att gamle stiar som skapar utanforskap i samfunnet.

Retten til å få vere ein naturleg del av samfunnet

FN- konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) er ein viktig del av å sikre inkludering for den ueinsarta gruppa som personar med nedsett funksjonsevne er – då den vil vere retningsgivande for rettane til personar med nedsett funksjonsevne. For å skape eit inkluderande samfunn, må ein starte med barndommen. Barn må få mogelegheit til å vere saman med andre barn både i barndommen og i ungdomstida. Mange treng skreddarsaum og då må skolen vere fleksibel. I dag, kan heller ikkje den anerkjende Barnekonvensjonen sikre god inkludering. I høyringsnotatet for ny opplæringslov er der endringar i omgrep, som til dømes universell opplæring, der omgrepa er meir i tråd med Barnekonvensjonen og konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne, dette viser korleis det norske samfunnet no er på veg mot å tilpasse lovverket til dei internasjonale menneskerettane.

I Molde har rådet for personar med nedsett funksjonsevne i sak 10/21 Helse og omsorgsplan i Molde kommune 2021 -20033, bedt kommunen konkret om å fastslå at konvensjonen for rettar for personar med nedsett funksjonsevne skal vere retningsgivande i kommunen sine strategiar for helse og omsorg. Det er ei utfordring i dag for forvaltninga at CRPD er ratifisert, men ikkje inkorporert i norsk lov – at ein konvensjon er ratifisert sikrar definitivt ikkje at den er implementert der tenestene kjem ifrå. Det er høgst problematisk at menneskerettane til menneske med nedsett funksjonsevne ikkje er anerkjend i den politiske makta i Noreg på lik linje som ein vernar andre sårbare gruppe gjennom FN – konvensjonar.