Kronikk av Aud Farstad

«Vakn opp!»

Det går eit spøkelse gjennom Vesten – ein liksom-religiøs overtyding om at det er mogeleg å bli fødd i feil kropp, at det finst fleire kjønn enn mann og kvinne og at det faktisk er mogeleg å skifte kjønn. Denne nye trua har øydeleggande  konsekvensar i samfunnet. Det rammer barn, kvinner og lesbiske spesielt hardt. Det er trans-ideologien.

Ideologi: I dette lesarinnlegget skriv Aud Farstad om det ho kallar transideologien. Bildet er frå ein demonstrasjon i USA .   Foto: Toby Brusseau/NTB

Leserinnlegg

Når eg diskuterer denne nye trua med andre, viser dei oftast ein av to reaksjonar. Den første er at dei ikkje hadde aning om kor radikal denne teorien faktisk er eller kor sterkt gjennomslag den har fått. Den andre er at kampen for aksept av transseksuelle – at menn som føler seg som kvinner og kvinner føler seg som menn må bli respektert som det kjønnet dei kjenner seg som – er ei forlenging av kampen for dei homoseksuelle sine rettar. Difor er det ein menneskeretts­kamp om å bli godteken som ein er.

Det er bra at toleransen mot minoritetar er stor. Diverre er han på dette området malplassert. Eg skal her ikkje gå inn på dei medisinske spørsmåla om trans-seksualitet. Eg er kvinne, feminist og historikar som har arbeidd med kvinnespørsmål mesteparten av livet. For meg er kampen for kvinners hardt tilkjempa rettar livsviktige. Det same er barns liv og helse.

Kjønn som synsing

I 2016 fekk vi i Noreg ei av verdas mest liberale lover om juridisk kjønn. No kan ein kvar av oss som har fylt seksten år, sjølv bestemme kva for kjønn vi synest vi har og få det registrert i offentlege dokument. Dette utan diagnose, operative inngrep eller hormonbehandling. Det er nok at ein «kjenner seg» som det andre kjønnet. Føleri er altså offentleg sanksjonert i ein kultur som elles held vitskap og prov høgt i hevd.

Grimme konsekvensar

No kan menn som har alle fysiske kjenneteikn på å vere menn, men påstår at dei føler seg som kvinner, konkurrere i idrett med kvinner, krevje å få vere i garderobar og dusjar og offentlege toalett og i krisesenter. Dei kan krevje tenester frå juridisk hjelp for kvinner, ble tekne inn i styrer som kvinner. Dei kan bli registrert som kvinner i draps-, overgreps- og valdtektsstatistikk og krevje å få sone i kvinnefengsel. Dette har alt hatt mange grimme konsekvensar i andre land med tilsvarande lovendringar. I Canada kravde til dømes Madilyn (Matthew) Harks å få sone i kvinnefengsel. Han sat inn for minst 200 seksuelle brotsverk mot minst 60 kvinner, nokre av dei jenter på berre fire og fem år. No sonar han i ein institusjon der det er ei mor og barn-avdeling. I Irland hadde ikkje ei einaste kvinne vore fengsla for sexbrotsverk mot ein vaksen. Men etter 2019, då ein fekk sjølvidentifisere seg, opplevde landet ein brå vekst i slike brotsverk. Det er opplagt at sjølvidentifisering vil forvirre forsking på mange ulike område, ikkje berre i kriminalitetsstatistikken.
Problemet med menn i kvinners private område, som toalett, garderobar og treningssenter til dømes, vert ofte bagatellisert og stempla som «transfobisk». Men poenget er ikkje at den enkelte trans-kvinne er farleg. Poenget er at ein må ha eit prinsipp. Ein kan ikkje skilje mellom farlege og ikkje farlege menn før dei går inn i garderoben. Skilde garderobar og andre slike område der ein er ekstra sårbar, er der for å beskytte jenter og kvinner.

Kvinne forsvinn frå språket

Eit anna viktig poeng er at med den nye ideologien vert ordet «kvinne» irrelevant, ja, til og med ubrukeleg. Når alle kan erklære seg som kvinner, kven er då kvinner? Denne forvirringa får mellom anna den konsekvensen at menn som identifiserer seg som kvinner kan vere lesbiske. Lesbiske kvinner vert dermed tvinga til å sjå på menn som seksualpartnarar. Dersom du synest dette er latterleg, så er det ikkje mindre ein realitet og ei grov underminering av lesbiske kvinners integritet og rettar.
At ordet «kvinne» vert sett på som diskriminerande ser ein no til framlegget til ny barnelov. Her er det gjort framlegg om at det skal stå «den» som føder. Dette er også ein realitet i andre land der ein har byrja snakke om «menneske med livmor».

Mishandling av barn

Tusenvis av barn og unge i heile Vesten er no under behandling av di dei meiner dei er fødde i «feil» kropp. Dei får medikament for å stanse puberteten og dei går gjennom eksperimentell kirurgi. Kva for fenomen som gjer at så mange unge – særleg jenter – føler det slik, er ein diskusjon det ikkje er plass til her. Sikkert er det at berre den enorme auken i slike ynskjer, burde vere eit varsku. Men i staden seier ideologien at ein ikkje skal stille spørsmål ved kvifor, men ha respekt for barnet sine kjensler. Så sjølv om ein ikkje får førarkort kan ein altså bestemme at ein skal få medikament som gjer ein steril, som stel frå ein seksuell glede, gjer at ein vert deprimert, aukar faren for hjarteproblem, demens og ei rad andre sjukdommar. Kva er så teikna på at ein er fødd i «feil» kropp? Jo, ofte er det at ein som gut likar å leike med dokker eller at ein som jente likar å leike med bilar. Dette er det feminismen på 1970-talet kalla «kjønnsroller», altså ei rolle samfunnet tvinga menneske inn i etter kva som «passa seg». Vår draum var at barn og vaksne skulle få utfalde interessene sine uavhengig av kjønn. No er «rollene» brått blitt teikn på kva kjønn du «bør» kjenne deg som. Det er frigjering snudd på hovudet. Ei tragedie.

Ingen motstand?

Den nye ideologien er slukt med søkke og snøre hjå både organisasjonar og politiske parti. Det var Høgre som kom med lova om juridisk kjønn, men partia til venstre syng den same visa i sine partiprogram. Ingen av dei nemnar vern av kvinners rett til trygge rom. Raudt er det verste eksempelet med ein aggressiv språkbruk og ei rekkje punkt om mangfaldet av kjønnsidentitetar som både skulen, lokalsamfunnet og idretten skal vere pliktige til å fylgje opp. Det er ein slåande ironi at ein filosofi frå USA, hjelpt fram av rike lobbyistar og ein medisinindustri som ser ein lukrativ marknad, skal få ein så effektiv hjelpar i eit sosialistisk parti.
Fleire parti skriv i programmet at dei transpersonane som før 2016 vart tvinga til å ta kjønnskorrigerande operasjonar for å bli godkjent som det andre kjønnet, skal få erstatning frå staten. Det er min spådom at det ventar langt fleire krav om erstatningar frå barn og unge som har vore offer og frå andre som har vore skadd av den nye trans-ideologien. Det er ei medisinsk og sosial skandale vi enno ikkje aner rekkjevidda av.