Det var derfor ei gladmelding då statsminister Erna Solberg i mai gav grønt lys for at besteforeldra kunne vere saman med barnebarna sine igjen.

I sommar har mange besteforeldre feriert saman med barnebarna sine. Det har vore til stor glede for både besteforeldre og barn, men det har og for nokre barn vore mindre trivelege opplevingar på grunn av alkoholkonsumet til besteforeldra. Ein del besteforeldre drikk mykje alkohol sjølv om dei er saman med barn, og det skaper utryggleik og mistrivsel for barna.

Nesten to av ti nordmenn har sett ruspåverka besteforeldre saman med eigne eller andre sine barnebarn. Det kjem fram i ei gransking Ipsos har gjennomført for alkovettorganisasjonen Av-og-til.

Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i Av-og-til, seier at barna opplever det utrygt og skummelt når besteforeldra drikk alkohol. Barn merkar raskt at vaksne endrar seg når dei drikk. Eriksrud seier vidare at besteforeldre er viktige omsorgspersonar for barna og dei vil det beste for barna. Det er då viktig å sjå på alkoholvanane slik at feriane vert fylt med gode minne for alle.

Eriksrud er oppteken av at kroppen reagerer annleis på alkohol når ein vert eldre. Ein tåler ikkje like mykje som før, og ein får høgare promille som varar lenge.

– Dette er det viktig å tenke på når ein er saman med barn, seier Randi Hagen Eriksrud.

IOGT vil derfor oppmode besteforeldre og andre vaksne om å la vere å drikke alkohol når dei er saman med barn. Det vil skape tryggleik og trivsel for barna. Omsynet til barna er det viktigaste.

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!