Tidlegare har det aldri vore praksis å vaksinere unge og friske folk mot den vanlege influensaen.

Kvifor er denne «helsepolitikken» heilt annleis i dag?

Mitt spørsmål går til kommuneoverlege og smittevernlege i kommuna.

George Mason som er ein professor innan lov og rett stod for nokre dagar sidan fram på CBN-news i USA og meddelte at han nettopp hadde vunne ei rettssak i USA, der han vant fram med å vise til tal frå Israel som er ein av dei mest vaksinerte land i verda. Disse tala gir prov for at naturleg smitte og også sjukdom etter covid-19 gir mykje større naturleg immunitet enn vaksinering.

Når alle i høg alder og i risikogruppene no har blitt vaksinerte og når vi samtidig har fått vite av våre helseautoritetar (FHI, Nakstad m.fl.) at du kan bli smitta på lik linje etter vaksinering, og du kan smitte vidare på lik linje etter vaksinering, men den store forskjellen skal vere at du blir ikkje så sterkt angrepet av sjukdommen. Dette er det vi så langt har fått vite med våre helseekspertar i Norge.

Dersom tal frå Israel eller andre land med høg vaksineringsgrad viser at du faktisk reduserer den naturlege immuniteten med vaksinering kontra naturleg immunitet gjennom å ha blitt smitta utan å bli sjuk, eller tilfriskna etter sjukdom, som då igjen gir eit endå større immunforsvar etterpå. Då må det jo vere eit alvorleg feilgrep å begynne å vaksinere våre ungdommar mot denne sjukdommen. Og når dette i tillegg er vaksinering med ein heilt ny type vaksineteknologi som ikkje er ferdigtesta etter vanlege testprosedyrer for vaksinar, men den har blitt hastegodkjent, då blir dette endå meir alvorleg!

Eg forventar eit raskt svar på dette alvorlege spørsmålet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!