Dei aller fleste er einige om at mobbing, krenkingar og utestenging byrjar og skjer allereie i barnehagen. Difor må gode tiltak bli sett inn her dersom vi i det heile tatt skal ha ein nullvisjon. 1. januar i år tok barnehagane eit stort steg i riktig retning. Den nye mobbelova inneber at alle tilsette i barnehagen har plikt til å gripe inn dersom dei mistenkjer, får tips eller ser krenkingar, utestenging eller mobbing skje i barnehagen.

Den såkalla aktivitetsplikta er eit viktig verktøy. Mellom åtte og tolv prosent av barn i barnehagen opplever jamleg utestenging frå leik eller ulike former for krenkingar. Kvar dag kjem hundrevis av barn heim med ein klump i magen etter å ha blitt mobba eller utestengt i barnehagen. Dei hylskrik av redsel og utryggleik når dei blir levert i barnehagen neste dag. Den nye lova skal sørge for at barnehagane blir betre på å følgje med, fange opp og sette i gang tiltak mot mobbing. Samtidig veit vi at den kunne ha vore mykje strengare når det gjeld barnehagen si plikt til å dokumentere dei tiltaka som er satt inn for å følgje opp enkeltbarn som kjenner seg utestengt, krenka eller mobba.

Vi i Foreldreutvalget for barnehager (FUB) får altfor ofte telefonar frå frustrerte foreldre som har vore i dialog med barnehagen, men som kjenner at dei ikkje har nådd fram, og dei sit att med følelsen av at barnehagen kunne ha gjort meir for deira barn.

Variert kompetanse

Dersom foreldre meiner at aktivitetsplikta ikkje er oppfylt i barnehagen, slik at barnet får det trygt og godt, kan saka bli tatt vidare til kommunen som har ansvaret for å føre tilsyn. For skulen er rutinen slik at slike saker hamnar på Statsforvaltaren sitt bord. Vi meiner det er problematisk at det er kommunane som barnehagemyndigheit som skal rettleie og ha tilsyn og sørge for at barnehagane oppfyller krava i lova. Samtalar med statsforvaltarar, kommunar og barnehagestyrarar frå heile landet stadfestar våre bekymringar. Vi veit at det er stor variasjon i kompetansen der ute. Mange plassar er det små forhold der dei same menneska ein skal forholda seg til på fritida er dei som må gjere tilsyn. Variasjonane i størrelsen på kommunane og den ulike kompetansen fører til ulik oppfølging og behandling av saker. Alle barn skal ha like moglegheiter uansett kva kommune dei bur i.

Snubla i siste hinder

Dessverre tok ikkje regjeringa steget ut da dei innførte den nye mobbelova. Dei snubla over siste hinder. Fortvila barn skal ha rettstryggleik og det skal vere mogleg å etterprøve situasjonen deira utan at det er overlat til kommunane. I den nye lova er kommunen si oppgåve å rettleie, følgje opp og føre tilsyn for å sikre at barnehagane blir drivne i tråd med regelverket generelt, men ikkje i enkeltsaker. Derfor opplever FUB at barn som opplever utryggleik i barnehagen og foreldra som må kjempe deira sak, ofte fell mellom to stoler.

Innfør skulemodellen

Skulemodellen, der statsforvaltaren går inn i enkeltsaker med omsyn til eleven sitt beste, er ei løysing som også bør overførast til barnehagesektoren. Både barna, foreldra, barnehagen sjølv og kommunane vil vere betre tent med dette. Regjeringa må ta i bruk same prosess som skulen bruker for å skape eit trygt og godt miljø. Vi i FUB meiner dette er den beste måten å avgrense og stoppe mobbinga som kjem til å øydelegge tusenvis av liv. Mobbing som byrjar i barnehagen, skal stoppast i barnehagen. Det klarer vi best med å bruke skulen som døme.