Valet gav noko av svaret. Mange veljarar flytta seg frå regjeringspartia til parti som har teke klare standpunkt mot sentralisering av makt og tenestetilbod, og som vil bringe makt og tenester nærmare folk.

Også i vårt område har vi sett sterk misnøye med sentraliseringspolitikken. Kampen om å oppretthalde sjukehustilbod og akutt beredskap nær folk har vore hard og er knapt vunnen enno. Den såkalla kommunereforma som skulle gje «robuste» kommunar, har mange stader skapt større avstand mellom dei styrande og dei styrte. Vi ser dette t.d. i den nye storkommunen Ålesund, der tidlegare Haram kommune var tvangssamanslått med fire andre kommunar. Politikarar i storkommunen opplever at dei har vanskar med å ha god nok oversikt over saker som dei skal gjere vedtak i. Dei som er avhengige av tenestetilboda, til dømes innan teknisk sektor, opplever at dei hamnar i køar som spillar vekk tid og tek motivasjon.

Eg tilhøyrer eit parti som alltid har hatt ein ambisjon om å verne om lokaldemokratiet. Vi har hatt kommunereformer tidlegare også. Arbeidarpartiet sette i 1940-åra Schei-komiteen i arbeid. Målet var å minke talet på kommunar. Fleire av samanslåingane skjedde med tvang. Mellom dei kommunane som Schei-komiteen fjerna var Stordal, Ørskog og Skodje. Frå 1964 til 1977 var desse kommunane saman i nye Ørskog kommune. Det gjekk ikkje lang tid før konstruksjonen knaka i samanføyingane, og arbeidet med å løyse opp tvangsekteskapet byrja. Særleg var det kommunane i utkantane, Skodje og Stordal, som kjende seg tilsidesette.

Arbeidarpartiet sat også desse åra ved makta, men frå 1973 var dei avhengige av støtte frå eit sterkt SV som hadde kome inn på Stortinget med ei gruppe på 16 representantar. Dei som strevde med å få tilbake sjølvstendet, hadde god kontakt med SV-representanten Ottar Brox, som sat i kommunalkomiteen, då den avgjerande kampen stod i Stortinget. Brox og SV-representantane meinte då som no at folk må ha reell innverknad på styringa av lokalsamfunnet sitt, og at dei må vere tett på dei som tek avgjerder på deira vegne.

SV er ikkje imot kommunesamanslåingar. Dei kan vere fornuftige, t.d. der det har utvikla seg nye bustad- og arbeidsområde. Men vi meiner at det er innbyggjarane sjølve som skal få avgjere slike spørsmål.

SV vil at samanslåtte kommunar og fylke skal få oppheve vedtaka om samanslåing dersom dei sjølve ønskjer det. Gode kommunar vert ikkje skapte gjennom tvangssamanslåingar, men ved å sikre sunn kommuneøkonomi og sterkt lokalt sjølvstyre.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!