Lesarinnlegg av Tommy Aarethun

«Gå saman om å flytte makt» 

I den nye felles næringsstrategien for dei tre vestlandsfylka er det slått fast at ein må samarbeide meir om viktige saker for regionen.

Samarbeid: Initiativ Vest oppmodar stortingsrepresentantane frå vestlandsfylka om å samarbeide om ein felles næringsstrategi.   Foto: Terje Pedersen/NTB

Leserinnlegg

Flytting av makt og arbeidsplassar er ei sak som egnar seg godt for eit slikt samarbeid. På tvers av stortingsbenkar og partigrupperingar.

Det er prisverdig at det i regi av Vestlandsrådet er vorte utvikla ein felles næringsstrategi. Strategien er delt i to hovudområder: a) styrking av grunnmuren for næringsutvikling og b) vekst på komparative fortrinn. Under delen som handlar om styrking av grunnmuren vert det mellom anna peika på behovet for «utjevning av nasjonale maktstrukturer og at statlig forvaltning kommer tettere på næringslivet på Vestlandet». Elles vert det i strategien peika på behovet for styrka samhandling og det å få på plass ei felles stemme for fylka.

Her skal dei som tar plass på benkane til vestlandsfylka når det nye Stortinget vert konstituert,få eit tips frå meg: Set dykk ned å ta tak i denne saka saman!

Politisk vilje


Det er spanande at nye arbeidsformer no opnar for at ein kan vera tilsett i eit departement, men bu og arbeide ein heilt annan stad. Er det ein ting pandemien har lært oss, så er det at dette fungerer ganske godt. Difor er det bra at ein ynskjer å leggje til rette for dette framover. Likevel monnar dette i liten grad om målet er reell maktflytting. Dette vil krevje politisk vilje.

Skal ein få til dette bør ein setje seg ned å utforme ein heilskapleg plan, og ein må jobbe med dette over tid. Då trengs det samarbeid på tvers av politiske parti og fylkesbenkar. Det må utmeislast forpliktande måltal og tiltak som skal bidra til å få på plass dette. Ei heilskapleg tilnærming vil truleg også vera det som gjev eit resultat som vil stå seg best over tid. Slik kan ein jo også sikre at den vedtekne styringsregelen om at ny statleg verksemd som hovudregel skal etablerast utanfor Oslo-området faktisk vert halden.

Felles næringsstrategi

Som ein del av arbeidet med å utvikla ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka har ein blitt samde om behovet for å jobba meir koordinert og samla om viktige saker for Vestlandet. Det er veldig bra. No kan vi teste ut korleis dette kan fungere i praksis med ei konkret sak og nye stortingsbenkar. Gjennom å samla løfte denne tematikken i Stortinget og intern i sine parti kan ein verkeleg løfta dette høgre på den politiske agendaen i Noreg, og få til konkrete resultat på dette feltet.

Det vil gagne Vestlandet, men også andre delar av landet!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!