Ikkje alle er like nøgde med resultatet, slik vil det alltid vere. Takk til alle dei som vil vere politisk aktive og til alle oss veljarane. Vårt parlamentariske styresett tufta på vedtak frå 1884 skal no gje oss ei ny regjering, ca. 20 statsrådar med sine stabar som skal på plass. Jonas Gahr Støre vert statsminister og hans oppgåve krev mykje. Lukke til.

Løfta frå dei ulike partia føre valet var mange. Noko er nedskrive gjennom program og løpesetlar, mykje er sagt og ein del er kanskje alt gløymt. I Erna si styringstid vart fleire reformer sett ut i livet. Ei av desse var kommunereforma. I vårt nærområde vart fem kommunar til ein frå 1. januar 2020. Sandøy, Haram, Ålesund, Skodje og Ørskog vart til ein rimeleg stor kommune – Ålesund med nær 70.000 innbyggjarar. Stortinget vedtok denne endringa, noko etter ønskje frå somme, overfor andre vart det nytta tvang. I tida etter samanslåinga kan vi alle frå denne nye kommunen gjere våre tankar på godt og det som smakar beikst. Var dette eit godt og framtidsretta vedtak eller er der sterke grunnar for å reversere eller endre?

Reversering er ikkje framdrift hevdar enkelte (jf. m.a. Smp). Køyrer du i grøfta, må du ofte rygge litt tilbake før du køyrer vidare. Kanskje vel du ein annan veg der det er langt lettare å halde seg på vegen og unngå grøfta.

Status pr. i dag slik eg ser det: SP har lova at det som er gjennomført med tvang eller der folket ønskjer ei anna løysing, vil få si/sine saker vurderte på nytt. SP sitt løfte er eintydig og vil truleg få gjennomslag i politiske organ. Dette kan gje endringar også i det som i dag er Ålesund.

I Haram – som vart tvinga inn i dette ekteskapet – har om lag 5.000 av innbyggjarane bede om nyvurdering og med eit klart alternativ: Haram som eigen kommune – ei realistisk målsetjing. Gamle Haram vil verte ein kommune som vil stå seg godt!

I Ørskog har også ei gruppe starta arbeidet med mål om Ørskog ut av Ålesund. I denne gamle kommunen verkar oppslutninga om dette meir lunken. Ved samanslåinga var det få i Ørskog som prioriterte den løysinga vi fekk. Kva er alternativet – Ørskog som eigen kommune att med ca. 2300 innbyggjarar – eller?

I dei tre andre tidlegare kommunane er nok synet på nye Ålesund noko blanda utan at eg har registrert organisert motstand eller hurrarop.

Mitt innspel og min konklusjon er: Vi bør gjennomføre folkerøystingar i dei gamle kommunane der ønsket om dette kjem til overflata. Valsetlane må vere klare: JA eller NEI til UT AV NYE ÅLESUND KOMMUNE. Alternativ: For Haram er dette rimeleg klart. Haram på nytt! Ørskog – tilbake til eigen kommune – eller kan andre alternativ vere aktuelle? Då må i tilfelle «nokon snakke saman» Skodje, Ålesund og Sandøy må også få lov å kome på bana.

Demokrati er å lytte til folket. Det er frå folket at dei gode framlegga ofte kjem. Vi bør ikkje forhaste oss, men drøfte pluss og minus ved ulike løysingar slik at vi ved valurna veit best mogeleg konsekvensane av våre val.