For ikkje mange år sidan hadde vi ei stor sak vedrørande utbetaling av pensjon til tidlegare stortingsrepresentantar og avgåtte ministrar. Alle sa det skjedde på grunn av eit vanskeleg og uklart regelverk. Regelverket hadde Stortinget sjølv vedteke, og ein kan undre på om uklarheitene var plasserte der med vilje.

Seinare har vi sett fleire tilfelle av juks med reiserekningar, og no sist rot med etterløn og stortingsbustader. Det trass i at dette er folk med løner på nær det doble av det ein «vanleg» arbeidstakar tener.

Det som er mest skuffande med desse sakene, er at det er mest ingen straffereaksjonar mot dei som urettmessig tileignar seg midlar frå felleskassa. I dei høve vi «vanlege» folk får tak i pengar urettmessig frå det offentlege, vankar det tilbakebetaling straks og kraftig straffereaksjon ikkje lenge etter. Her kan nemnast rotet etter NAV-skandalen der nokre av dei som urettmessig vart straffa enno ikkje har fått full oppreising.

Dei som sit på stortinget og i regjeringa vert ofte omtala som «våre fremste tillitsvalde». Sakene omtala ovanfor tyder på dei bles tilliten ein lang marsj og heller satsar på grådigheit. Min tillit til desse folka er i alle fall nesten vekke. Det står og klart for meg at vi har to sett med lover her i landet – eit sett for oss «vanlege» folk, or eit sett for dei som har plassert seg sjølve i eit «finare» eller «høgare» samfunnslag.