Partiet De Kristne (PDK) og Demokratene har gått saman om eit politisk manifest med saker dei er einige om. Kanskje er dette starten på noko større enn det vi kan sjå i dag. Framtida får vise kva dette kan føre til.

Desse to partia ønskjer ein meir open og fordomsfri debatt rundt sentrale politiske spørsmål som er vesentlege for Norge. Allereie i vår, rundt spørsmålet om endring av flagglova, stod dei fram med eit felles standpunkt.

Pressekonferansen inneheldt derfor fem hovudtema som dei ville løfte fram og som begge partia står bak:

  • Partia kritiserer handteringa av koronaepidemien og seier nei til koronasertifikat, samt at samfunnet må vise respekt for sunn vaksineskepsis.

  • Innanfor energipolitikken tek partia til ordet for å nasjonalisere norsk vasskraft ved å sikre statleg eigarskap, samt å stanse elektrifiseringa av sokkelen og subsidieringa av vindkrafta. Samtidig er partia ganske kritiske til politiske avgjerder som har gitt svekka sjølvråderett.

  • Partia ønskjer at EØS-avtalen blir lagt ut til folkerøysting og at avtalen blir vurdert av Høgsterett opp mot Grunnlova.

  • Partia stiller seg kritiske til overnasjonale avtalar der det nasjonale perspektivet ser ut til å komme i bakgrunnen, og der samfunnstoppar deltar aktivt i fora som har radikale mål i retning av globalisering.

  • Innan forsvars- og beredskapspolitikk har det blitt fremma 15 tiltak for å styrke forsvaret og gjere ende på ein naiv forsvarspolitikk.

Kanskje vil dette samarbeidet inspirere andre til å bli med på vegen inn i ei ny framtid. Dess fleire som blir med, dess sterkare står vi.

Første merkesteinen er kommune- og fylkestingsvalet i 2023.

Ole G. SteenPDK Ålesund

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!