Senterpartiet er sterkt kritisk til dette, for domstolane har eit enormt viktig samfunnsoppdrag. Domstolane må vera av høg kvalitet og tilgjengelege for folk som må oppsøkje dei. Av ein eller annan grunn har det etablert seg ei oppfatning om at store domstolar er betre enn dei mindre. Jamt over er faktisk saksavviklinga i små domstolar betre.

Dei negative ringverknadene vil vera mange viss regjeringa går inn for ei strukturendring for tingrettane. Det kan føre til større avstandar og eit dårlegare tilbod. Det vil også få konsekvensar for tilgangen til advokattenester. Advokatkontora blir naturleg nok gjerne etablerte i nærleiken av domstolane, og ei sentralisering av domstolane kan føre til færre advokatkontor i distrikta. I tillegg taper lokalsamfunn kompetansearbeidsplassar.

Små domstolar

Over lengre tid har Domstoladministrasjonen tydeleg ønskt å leggje ned tingrettar over heile landet. Fleire av dei små domstolane har gjentatte gonger vore trua av nedlegging, noko som heilt klart har gått utover rekrutteringa til enkelte av desse domstolane. Deretter blir den manglande rekrutteringa nytta som argument for å leggje ned. Senterpartiet meiner tingrettane fortener føreseielege arbeidsforhold og at den varsla strukturendringa ikkje kan godtakast.

Heile landet

Om vi ikkje passar på, kan domstolane føye seg inn i rekka av dei innhaldslause strukturreformene til den blå regjeringa. Senterpartiet kan ikkje godta å endre struktur viss ein taper meir enn ein vinn på det, og vi meiner at det framleis bør finnast tingrettar og advokattenester i hele landet.