Rolls-Royce legg ned i Hjørungavåg

Sviktande marknad er grunnen til at fabrikken i Hjørungavåg blir lagt ned, opplyser Rolls-Royce.

Dramatisk for dei tilsette Tilsette ved Rolls-Royce i Hjørungavåg blir her orientert om situasjonen. 

Arkiv. Rolls-Royce Hjørungavåg. 

Næringsliv

– Nok ei dramatisk melding frå Rolls-Royce

Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest ser dette som ein test på kva eigarskap Rolls-Royce vil stå for.

– Rolls-Royce Marine har i dag informert sine tilsette om at selskapet planlegg å avslutte produksjonen ved fabrikken i Hjørungavåg i Hareid kommune. Dette er ein av sju fabrikkar som Rolls-Royce-konsernet har i Norge. Dei tilsette vart i dag også oppdatert om andre pågåande endringsprogram i selskapet, opplyser selskapet i ei pressemelding onsdag føremiddag.

– Dette blir ein test på kva eigarskap konsernet vil stå for, seier Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest i ein kommentar til Smp.no.


173 må gå fra Rolls Royce på Sunnmøre

De tillitsvalgte informert i dag.

I juni opplyste konsernet at dei skal redusere bemanninga i Hjørungavåg med rundt 51 stillingar. No skal altså heile fabrikken leggjast ned.

Flyttar produksjon

I Hjørungavåg har Rolls-Royce Marine AS om lag 200 tilsette, av totalt rundt 2.200 i Norge. Denne fabrikken produserer utstyr til seismikk- og subsea-fartøy, ein marknad som er vant til store svingingar, men som i det siste har vore ekstra utfordrande, opplyser konsernet.

– Rolls-Royce vil framleis satse i dette marknaden, og ser no på alternative løysingar for denne delen av vår verksemd, seier Helge Gjerde, fungerande President Commercial Marine i Rolls-Royce.

Ei truverdig kjelde seier til Sunnmørsposten at produksjonen i Hjørungavåg kan flyttast til Brattvåg, Ulsteinvik eller Kina.

Dei tilsette i Hjørungavåg kan bli overført internt til nye jobbar på andre fabrikkar eller i andre kontorlokale på Sunnmøre. Det kan også bli aktuelt med nedbemanning, men dette må først drøftast grundig med dei tilsette sine representantar, opplyser Rolls-Royce.


– Har stått på i alle år

Fellesforbundet kommenterer nedlegginga i Hjørungavåg.

Sunnmørsposten var i kontakt med dei tillitsvalte ved fabrikken kort tid etter at nedlegginga vart kjend. Halvannan time etter var dei klar for å kommentere den nye situasjonen.

– Dette blir ein test

Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest ser nedlegginga som ein test på kva eigarskap Rolls-Royce vil stå for.

– Rolls-Royce har jo berre opplevd oppturar sidan dei kjøpte Vickers og Ulstein. No blir dette ein test på kva slags eigarskap dei vil stå for, seier Ingjerd i ein kommentar til Smp.no.

– Trist

Terje Høybakk i Maritim Forening Søre Sunnmøre (Mafoss) har berre ein kort kommentar i første omgang.

– Eg har nettopp sagt det til mine næraste kollegaer, at dette er trist, seier Terje Høybak til Smp.no onsdag føremiddag.

– Vil behalde marinedivisjonen

Eit anna sparetiltak i Rolls-Royce er at den såkalla «gullblokka» i Ulsteinvik blir selt, det vil seie administrasjonsbygget i Ulsteinvik sentrum.

Samtidig svirrar rykta om selskapet. Det har blant anna har det vore spekulert i at heile marinedivisjonen til industrigiganten i Norge kan bli selt.

Dette meiner Anette Bonnevie Wollebæk, kommunikasjonssjef i Rolls-Royce Marine å kunne tilbakevise.

– Det har vore ein del spekulasjon om sal av Rolls-Royce Marine. Eg viser til kva CEO Warren East i konsernleiinga i England har sagt, at vi vil behalde både fly-, land- og sjødivisjonen, seier Wollebæk.

Rolls-Royce har leigekontrakt for bygget til 2019. Wollebæk seier at dei reknar med å vere ute av lokalet til juni neste år.

Smp.no kjem med meir