Nyskapingsdagen Søre

– Enorm interesse for nyskaping i næringslivet

Meir enn 60 personar deltok på den aller første nyskapingsdagen på søre Sunnmøre. – Folk fann kvarandre, fortel Robert Voldnes ved Hoppid.no.

Stor interesse I overkant av 60 personar kom på «Nyskapingsdagen Søre» i Fosnavåg onsdag kveld.  Foto: Robert Voldnes

Næringsliv

– Folk fann kvarandre. Det var tydeleg at folk syns denne type møteplassar er bra, seier Robert Voldnes i Hoppid.no.

60 personar deltok på seminaret «Frå idé til marknad». Det er «all time high» for Innovasjon Norge i Møre og Romsdal.

– På det meste har vi hatt rundt 20 når vi har hatt gründerseminar i Ålesund, Molde og Kristiansund, seier Ingrid Rønstad i Innovasjon Norge.

At det framleis er ein skaparkultur på søre er ho ikkje i tvil om. På seminaret møtte ho både ferske gründerar og meir garva folk innan forretningsutvikling.

Speeddating med Innovasjon Norge

Denne aller første nyskapingsdagen på søre Sunnmøre var lagt til Fosnavåg. Først var det gründerseminar og deretter speeddating med Innovasjon Norge. Hoppid.no og Ålesund Kunnskapspark var med og arrangerte. Dei hadde invitert gründerar og næringsliv frå fem kommunar - Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda.

Mange fekk i einerom legge fram sine idear for Innovasjon Norge. Der fekk dei høyre om det er noko som ligg innanfor Innovasjon Norge sitt støtteområde, og elles få tips og råd om vegen vidare.

– På speeddatinga var det 31 påmelde, men vi rakk berre 20, seier Rønstad og fortel at dei fekk eit kvarter kvar.

Jaktar på dei beste

For Innovasjon Norge er det viktig å finne dei beste gründerane, dei med ambisjonar og med idear som har internasjonal konkurransekraft og eit stort verdiskapingspotensial. Overfor desse kan Innovasjon Norge bidra med både kompetanse og finansiering.

– Men alle passar inn i Hoppid. Dei tek breidda. Vi skal først og fremst ha dei beste gründerane med tanke på framtidig potensiale for verdiskaping, seier Rønstad.

Ho trur og håper på ein auka pågang til Innovasjon Norge i tida som kjem.

– I Rogaland er det i dag skyhøg etterspørsel etter våre tenester retta mot etablerarar. Eg reknar med større etterspørsel også her. Så langt har vi greidd å møte etterspørselen, seier Rønstad.

Møtte to gründerar som har lukkast

To gründerar delte også av sine erfaringar. Stine Goksøyr frå Herøy med firmaet Ko:ko og Therese Moe Øye frå Ørsta med guidefirmaet Vestferd fortalde om prosessen med å etablere seg.

– Det var to utruleg fine gründer-historier. Og det er to veldig sterke kvinner, seier Robert Voldnes i Hoppid.no, som også er begeistra over at regjeringa aukar ramma til Innovasjon Norge med meir enn 400 millionar kroner.

– Frå 2010 er dette ei sjudobling, seier Ingrid Rønstad i Innovasjon Norge.

– Det er kanon, seier Robert Voldnes i hoppid-kontoret for ytre søre.

Planen er at nyskapingsdagen skal bli eit fast arrangement kvart halvår.


Nyskapningsdag i Fosnavåg

Inviterer til gründer-seminar

Det blir også speed-dating med Innovasjon Norge.