Danske Maersk Supply Service stoppar på seks nye ankerhandteringsskip frå Kleven Maritime i Ulstein, melder Nett.no tysdag.

Dei vil med andre ord, ikkje nytte seg av opsjonane på de fire siste skipa i kontrakten som blei gjort offentleg i fjor haust. Kleven-direktør Ståle Rasmussen meiner det ikkje er nokon bombe med dagens marknad.

Les også: Kjempekontrakt for Kleven

Dei seks skipa skal leverast mot slutten av 2016 og til hausten 2017. Med desse opsjonane på plass, ville Kleven-verftet i Ulstein og Myklebust-verftet i Sande vore sikra jobb til 2018.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no