Det meiner Egil Sundet, bransjesjef i Norsk Industri møbel + interiør.

– Vi har så langt i år hatt ein eksportvekst på fem prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Og det aukar frå månad til månad, så eg trur vi ved årsskiftet kan doble eksportveksten frå i fjor, som var på 3,6 prosent, seier Sundet.

– Vi har god vekst til dei tradisjonelle eksportmarknadene Danmark, England, Tyskland og USA, men ser også at eksporten aukar betydeleg til fleire fjernare land der vi i dag har liten eksport, seier Sundet.

Vekst også heime

HUNDEIDVIK: Geir Kvalvåg og Harald Bueide hos Formfin AS i ferd med å ta sofaen «Flø» med seg ut i det fri.

Og han seier at fleire av medlemsbedriftene melder om vekst. Også dei som eksporterer lite.

Det stadfestar Steinar Myrseth, marknadssjef i Formfin AS i Hundeidvik:

– Vi har hatt ein auke på sju-åtte prosent dei første ti månadene. Og vi har store planar for neste år, seier Myrseth.

Formfin opererer berre på den norske marknaden.I Stordal kan dagleg leiar Ole-Håvard Stavseng hos Stordal Møbel AS også melde om solid vekst.

– Derimot har vi ingen auke på eksporten, men så har vi også satsa mest på Norge, legg Stavseng til.

Gjør som 23.000 andre - følg Sunnmørsposten på Facebook

Brunstad

– Vi har spesielt lukkast i Sverige. Kor mykje av det som skuldast gunstig kronekurs veit eg ikkje. Det har vel meir å seie at vi har kome opp med modellar som kundane har funne attraktive, slik som sofaen Everest og nye variantar av Delta-stolen, seier administrerande direktør Reidar Mjelde i Brunstad AS.

Nye designarar

– Vi kjem med nye modellar, teikna av nye designarar, røper han – men meir vil ha ikkje fortelje no.

Om lag 25 prosent av møblane dei produserer i Sykkylven i år kjem til å bli seld til Sverige og Danmark.

Les flere næringslivsnyheter her