Ulstein testar rekordskip på sjøen

Offshoreskipet Island Venture fekk seg ein ut på fjorden laurdag.

Rekordskip Det 160 meter lange konstruksjonsskipet av designtypen Ulstein SX 165 er det største skipet som er bygd ved Ulstein verft. Her er skipet på veg forbi Flø ved 12.30-tida laurdag.   Foto: Marius Rosbach

Næringsliv

Konstruksjonsskipet som har vore under utrustning den siste tida ved Ulstein Verft, blei laurdag teken ut på sjøen. Dette er det største skipet frå Ulstein Verft til no.


Her blir kjempeskipet sjøsett

– Vi vaks oss nesten ut av dokkhallen med dette rekordprosjektet, seier prosjektleiaren.

Tidleg laurdag ettermiddag gjekk skipet frå Ulsteinvik rundt Hareidlandet og inn til fjorden ved Hareid, der dei gjorde ankerprøver.

Gjør som fleire enn 23.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook

Som planlagt

Ifølgje prosjektleiar Per-Svein Brekke ved Ulstein Verft har testane gått som planlagt.

– Båten er no ferdig med ankerprøver i Hareidsvika. No startar arbeidet med «tuning» av hovudpropellane. Det vil ta omlag åtte timar, fekk smp.no vite i 16-tida.

– Deretter er det thrusterane som skal «tunes». Det er planlagt fram til i morgon tidleg.


Kampen om permitteringsperioden:

Frykter for jobbene til kollegaer ved Vard-verftene

Vararordfører Randi Walderhaug Frisvoll (KrF) i Haram er sveiser og tillitsvalgt i Fellesforbundet ved Brattvåg-verftet til Vard. Hun er bekymret for at mange av de rundt 180 permitterte i konsernet vil miste jobbene sine.

Søndag skal kraftstyringa testast, samt diverse testar av utstyr.

– Elles så startar ein prøvetur saman med reiarlag og klasse på måndag. Den vil halde fram til onsdag, fortel Bakke.

Les fleire næringslivsnyheiter her

Til Island Offshore

Det er ulsteinreiarlaget Island Offshore og deira amerikanske samarbeidspartnar, Edison Chouest Offshore, som har bestilt skipet. Skipet har ei lengd på knapt 160 meter og breidd på 30 meter.

Her kan du følgje AIS-sporinga til skipet (ekstern lenke)