Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane, har ifølgje Sogn Avis skreve eit brev til fylkestinget om at fylkesrådmann Tore Eriksen ikkje kan førebu lovlegkontroll før fylkestinget tysdag.
Vil vite om salet til Torghatten var lovleg
– Fullstendig latterleg, seier han til Sogn Avis og utdjupar:
– No fekk fylkestingsrepresentantane tre timar på seg til å gå gjennom 80 siders lesestoff før vedtaket om sal av Fjord1 skulle fattast. Lovlegheitskontrollen går på forsvarlegheit i saksbehandlinga. I ein slik samanheng blir argumentet om at fylkesrådmannen ikkje får tid til å gå gjennom eit ti siders dokument, direkte latterleg.
– Fylkesordføraren er innstilt på å behandla saka så raskt som mogleg og vil difor koma tilbake til når saka kan leggjast fram for fylkestinget, skriv fylkesordførar Jenny Følling i brevet til fylkestinget, ifølgje avisa.
Les leiaren: Ferjesalet ute i farleg farvatn
Gjør som fleire enn 24.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook
Lovlegkontroll
Det var 4. desember at det kom krav om å gjennomføre ein kontroll om fylkeskommunens sal av aksjar til var lovleg.
– Sa nei til 150 millionar kroner meir for Fjord1
Om fylkestinget fekk den korrekte, fulle og heile bildet av saka og fylkestinget sitt reelle handlingsalternativ.
Om fylkeskommunen har fått det korrekte, fulle og heile bildet kva angår risikofaktorane ved det vedtak som blei treft.
Om rådgjeverane i saka er habile i høve til kommunelova og forvaltningslova.