Det var i august at det vart gjort kjend at Rolls-Royce planla å legge ned avdelinga i Hjørungavåg.

Det vart gjort etter at selskapet i juni opplyste at dei skulle redusere bemanninga i Hjørungavåg med 51 stillingar, men det viste seg at det måtte kraftigare lut til for selskapet som bare kunne vise til blodraude tal for 2014.

– Folk får i det minste gå inn i jula utan oppseiingsbrev i handa, seier Gina Bjørdal, tillitsvalt i Fellesforbundet, til avisa.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook

Tok omsyn

Gina Bjørdal i Fellesforbundet ved Rolls-Royce Marine i Hjørungavåg frykta ifølgje Vikebladet at så mange som 70 personar, eller ein tredel av dei tilsette, mistar jobben sin. Foto: Johan Behrentz

No har Bjørdal og Per Hallvard Garnes, tillitsvalt i FLT formenn heldigvis fått nyhende, som dei spreiar vidare ut til dei andre organiserte.

– Eg sit som representant i bedriftsutvalet i Rolls-Royce Norge, og gav klart uttrykk for at eg med grunnlag i etiske føresetnader, ville at Rolls-Royce tok omsyn til at oppseiingsprosessen blei stoppa før jul. Det blei teke til følgje av leiinga, både fordi dei vil vere til hjelp, men samstundes for at dei skal få betre tid på seg til å gjere ei god avgjersle, seier Bjørdal til Vikebladet.

Nedlegginga er planlagt å skje i 2016.

Les fleire nyheiter om næringsliv her