Fartøyet skal leverast frå Myklebust-verftet i Sande hausten 2017, og er av NVC 374 WP-design frå Rolls-Royce, opplyser Kleven torsdag.

– Det er veldig kjekt å kunne gje våre tilsette ei slik nyheit no like før jul, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven.

Kontrakta er med på å sikre full sysselsetting på Myklebust-verftet dei neste to åra.

Les også: Modular til diamantskipet på veg til KlevenLes også: Kleven pekte på nye marked for verftene

Kleven har no 17 fartøy i ordreboka, til ein samla verdi av nær 11 milliardar kroner.

Kunden som skal ha trålaren har namnet Compagnie Des Peches Saint-Malo S.A. & SAS Comptoir Des Peches D’Europe Du Nord - Euronor.

– Dette vert det fjerde fiskefartøyet Myklebust Verft har skrive kontrakt på sidan sommaren. I tillegg har verftet fått kontrakt på bygging av ein stor brønnbåt. Fleire av desse båtane har Rolls-Royce-design og store utstyrspakkar for same selskap, og vi set stor pris på det samarbeidet vi har fått med Rolls-Royce her, seier Ståle Rasmussen.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no