Båten skal bli søsterskip til brønnbåten Namsos, som vart levert frå Havyard til NFT for to veker sidan.

Skipet skal byggjast ved Havyard sitt verft i Leirvik, og har ein kontraktsverdi på overkant av 300 millionar kroner. Levering er i april 2017. Det er også opsjon på eitt skip til som kan leverast første kvartal 2018.

Havyard Design & Solutions designar skipet, leverer bru, automasjon og elektro-engineering, Havyard MMC AS skal levere fiskehandteringsutstyr og Norwegian Electric Systems leverer tavler og elektromotorar.

– Havyard har gjennom korleis dei har løyst utfordringane på prototypen «Havtrans» og gjennomføringa av bygginga av «Namsos», vist at dei er blant dei fremste innan design og bygging av moderne brønnbåtar, seier styreleiar i NFT, Roger Granheim i ei pressemelding.

I pressemeldinga blir det understreka at Granheim også er visekonsernsjef i selskapet Torghatten ASA, eit selskap som Havyard-eigarane no er i konflikt med etter salet av Fjord1-saksjar til Torghatten.